Historisk sterkt resultat for Sparebanken Sogn og Fjordane

For første gong er inntektene til banken over 1 milliard kroner. – Gjev oss musklar som kjem fylket til gode, seier administrerande direktør Trond Teigene.

Totalresultatet for 2017 er på 425 millionar kroner mot 340 millionar kroner året før. Det er ei auke på 85 millionar kroner frå 2016.

2017 blei og året då inntektene til banken for første gong passerte 1 milliard kroner (1.042), mot 939 millionar kroner i 2016. Dette er ei auka på 103 millionar kroner.Det blei kjent då banken presenterte års- og 4. kvartalstall torsdag.

-Auken i totalresultatet skuldast primært god vekst i innskot og utlån, samt verdiauke frå aksjar. Inntekter som viser fin utvikling elles er mellom anna inntekter frå sal av forsikringsprodukta til Frende og salspant-finansiering. Banken sitt eigarskap i produktselskapa ber også frukter gjennom auka utbytte, banken eig mellom anna 10 % i Frende, fortel administrerande direktør Trond Teigene.

Med fokus på fylket

Som sparebank går delar av overskotet tilbake til lokalsamfunna der kapitalen er bygd opp. Det er heldt av 110 millionar av årets resultat til utbytte og gåver. I tillegg har banken rundt 50 samarbeidsavtalar med idrettslag og organisasjonar.

Men samfunnsansvaret er ikkje berre gåver og logo på drakta, meiner administrerande direktør Trond Teigene.

– For oss er det eit stort samfunnsansvar å vere ein solid og sjølvstendig bank for næringslivet i fylket. Store bankar ønskjer ofte ikkje å investere i desse kantane av landet. Det er viktig at vi har kraft og eigenkapitalavkastning til å satse her, til å bygge opp næringsliv, ha trua på lokale aktørar og vere ei drivkraft for eit sunt og aktivt næringsliv her i fylket, seier han, og utdjupar:

– Resultatet for 2017 gjev oss god driv inn i eit offensivt 2018. Vi har hatt eit 2017 med stor aktivitet, og det fortset inn i 2018.

Fleire næringar med god utvikling

Sparebanken Sogn og Fjordane har ein sterk marknadsposisjon med ein marknadsdel på om lag 40 % i bedriftsmarknaden i fylket.

Innskota viser ein solid auke i 2017, både frå bedrifter, finansielle innskytarar og kommunar.

– Næringslivet har i hovudsak greidd seg godt gjennom 2017. Etterspørselen etter næringslån har vore noko større i 2017, samanlikna med 2016. Fleire næringar har god utvikling, ikkje minst fiskeri, havbruk og reiseliv, fortel Teigene.

4300 nye kundar i 2017

Sparebanken Sogn og Fjordane har hatt ein stabil utvikling i privatmarknaden i 2017. Samla utlånsvekst var på 6 % til privatkundar i 2017.

I Sogn og Fjordane har banken god vekst. Med nærare 1 av 2 innbyggjarar som kunde er banken ein klar marknadsleiar på privatmarknaden i fylket.

Sparebanken Sogn og Fjordane fekk 4300 nye kundar i 2017. 2300 av dei nye kundane bur i fylket, medan resten bur utanfor fylket.

– I tillegg til vårt kjerneområde, Sogn og Fjordane, har vi og ein strategi på vekst på landsbasis i privatmarknaden, og 40 prosent av veksten frå 2017 er utanfor fylket. Vi opplever jamn vekst ved kontoret i Bergen og det er i tillegg stabil vekst i mellom anna Oslo og Akershus. Veksten utanfor fylket viser at vi er ein konkurransedyktig bank, med omsyn til pris, digitale tenester og personleg oppfølging, fortel Teigene.

Eit aktivt år i banken

Bank-næringa går gjennom store endringar, med nye internasjonale regelverk som påverkar bransjen, i tillegg til eit digitalt skifte.

– Den teknologiske utviklinga og nye reguleringar gir auka innovasjon og opnar for at nye aktørar kan tilby finansielle tenester i konkurranse med tradisjonelle bankar. Vårt fokus er å vere ein relevant bank, både for kundane som vil snakke med oss personleg, og dei som ønskjer smarte sjølvbetente løysingar. Vi jobbar stadig med å levere nye digitale tenester, og har i 2017 blant anna lansert ny mobilbank og ein eigen mobilbank for barn mellom 8 og 12 år, seier Teigene.

Driftskostnadane auka ein del i 2017. Kostnadsveksten er høgare enn tidlegare år på blant anna på grunn av investering i nye IT-løysingar og innføring av finansskatt

– Det vart i 2017 sett i verk ei rekke tiltak som skal redusere kostnadsveksten framover. Mellom anna er det lagt ned 9 bankkontor i 2017 og talet årsverk er redusert med 11 prosent. Tiltak som bidreg til kostnadseffektivisering held fram i 2018, fortel Teigene.

FAKTA TAL – 2017

  • Totalresultat 425 mill. kr (340 mill. kr)
  • Netto renteinntekter 854 mill. kr (779 mill. kr)
  • Resultat finansielle instrument 57 mill. kr(35 mill. kr)
  • Driftskostnader 460 mill. kr (364 mill. kr)
  • Nedskriving på utlån 117 mill. kr (120 mill. kr)
  • Resultat aksjar tilgjengeleg for sal 57 mill. kr (-8 mill. kr)
  • Eigenkapitalavkastning 10,8 % (9,5 %)
  • Resultat pr. EK bevis konsern 16,60 kr (15,94 kr)
  • Utbytte pr. EK bevis 5,25 kr (1,00 kr)
  • Foreslått utdelt til utbytte og gåver 110 mill. kr (19 mill. kr)