Bloggserie: Frå BSU til bustad

10 enkle sparetips

14. februar 2018 – Helene Sunde

Slik blir du ein racer på sparing

1. Få oversikt over eigen økonomi. Både inntekter og faste utgifter i månaden.
2. Avdekk dine største kostnader og dermed største sparepotensiale. Her er det kan det vere mykje pengar spart ved små justeringar.
3. Bli kvitt mellomstore faste kostnadar. Spotify, Netflix, HBO osv. er småbeløp som til saman utgjer større årlege kostnadar. Vurder om dette er produkt du faktisk bruker.
4. Sett realistiske mål. Det er enklare å spare med faktiske mål, både på lang og kort sikt, spesielt når desse er oppnåelege. Mål gjer det også kjekkare og meir motiverande å spare!
5. Ha fleire kontoar! Set av pengar til faste utgifter på ein eigen konto, samt det du ynskjer å spare i løpet av månaden. Dette vil gi ei betre oversikt over kor mykje du sit igjen med som du kan bruke.
6. Planlegg kjøp. Med ei god oversikt over kostnader og inntekter er det også enklare å legge ein plan på framtidige kjøp. Skriv handleliste og set av pengar til framtidige kjøp. Her kan det også være lurt å nytte appar for oversikt over tilbod i matbutikkar.
7. Spareavtale. Automatisk overføring av sparebeløp til BSU, Sparekonto eller liknande kontoar. Har man trekkdato på lønningsdagen vil man ikkje merke at pengane var på konto i det heile.
8. Dropp unødvendige kjøp. Har du lagt ein god plan for veka, så unngår du lett småkjøp som baguett og kaffi i kantina. Set heller av pengar du elles ville ha sløst vekk på desse kjøpa, inn på ein eigen konto. Kanskje får du råd til å kjøpe deg noko fint til slutten av månaden?
9. Småspar. Gøy spareløysing der eit førehandsbestemt beløp vert overført til ein sparekonto kvar gong du drar kortet.
10. Prøv deg fram! Set deg eit mål for veka, kanskje du klarer å leve på eit minimalt beløp utan at dette går utover  behova dine. Samanlikn med «vanleg» veke. Kor stor er forskjellen? Kanskje oppdagar du fleire sparepotensiale. MYKJE LYKKE TIL!

Frå BSU til bustad

Frå BSU til bustad er ein bloggserie som tek føre seg heile prosessen frå du startar å spare til etter du har kjøpt deg bustad. Bloggserien gjev deg gode tips og triks på vegen, som skal gjere det litt lettare for deg som tenker å kjøpe bustad. Nye innlegg kjem ein gong i veka.