Saman gir vi tilbake:

Søk om midlar til det du brenn for innan 1.mars

Har du eit spennande prosjekt du har lyst å få realisert? Ønskjer klubben din å delta på ei turnering eller å oppgradere utstyr? Søk om gåvemidlar innan 1. mars, så kanskje du kan få hjelp til å kome i gang! 

Sparebanken Sogn og Fjordane gir kvart år tilbake deler av overskotet sitt til nærmiljøet, og dette kan laget eller organisasjonen din søke om å få ein bit av. Det er to hovudrunder med gåvetildelingar; éin med søknadsfrist 1.mars og éin med frist 1. september. I tillegg til hovudrundane er det mogleg å sende ein “forenkla søknad” heile året, for deg som treng mindre beløp raskt (inntil 10 000 kroner). Nedanfor har vi samla nokre søknadstips og kva krav vi set til søknadane og prosjekta.

Gå til søknadsskjema 

Søknadstips!

  • Ein god søknad består av tre deler: søknadsskjema, presentasjon av prosjekt/søkjar og budsjett.
  • Bruk gjerne same rekkefølga i presentasjonen som i søknadsskjemaet
  • Fyll ut alle felt, sjølv om det ikkje er obligatorisk. Målet med søknadsskjemaet er å gi eit best mogleg bilete av kva prosjektet går ut på, slik at ein vurderer prosjektet på rett grunnlag.
  • Hald søknaden kort og konsis. Sjølv om du kanskje har mykje på hjartet, kan det vere lurt å spare dette til presentasjonen/prosjektskildringa.
  • Prosjektskildring bør gi svar på: kven er/representerer du? Kva vil du ha pengar til? Søknadssum og totalbudsjettet til prosjektet? Kven er hovudmålgruppa og kor mange brukarar vil nyte godt av tiltaket, kva ønskjer de å oppnå? Får du med litt om kva andre tilbod som (ev. ikkje) finst i regionen på dette feltet, og/eller kva som vil vere konsekvensen for brukarane av at ein IKKJE får støtte, så er dette eit pluss.
    Sjå forslag til mal på prosjektskildring.
  • Budsjettet må gi eit bilete av korleis du har tenkt å disponere pengane, og det må gi ei oversikt over både utgiftene og inntektene for tiltaket du søkjer om gåve til. Forholdet mellom søknadssummen og det totale budsjettet bør også klargjerast.
  • Meir utfyllande detaljar om søknaden finn du på nettsidene til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane

Krav og vilkår til søknadane:

  • Prosjekt og organisasjonar som arbeider for og med barn og ungdom blir prioritert
  • Prosjekt og organisasjonar drive av frivillige blir prioritert.
  • Tiltak og investeringar med langvarig verdi og nytte for lokalsamfunnet skal prioriterast framfor kortvarige aktivitetar, arrangement og prosjekt.
  • Lokalt forankra prosjekt skal prioriterast framfor større, fylkesdekkande prosjekt i situasjonar der vi har avgrensa midlar til fordeling.
  • Prosjekt og organisasjonar som har klåre visjonar og tankar bak sine tiltak.
  • Søknader om tiltak og investeringar med langvarig verdi og nytte for lokalsamfunnet vil normalt verte prioritert foran søknader om rein driftsstøtte (lønn, husleige og andre driftskostnader).

Det blir ikkje gjeve støtte til: 

  • Politiske parti eller føremål som kan utnyttast i politisk samanheng.
  • Næringsverksemd eller prosjekt i regi av kommersielle selskap der det ikkje er tydleg avklara korleis selskapet handterer eit eventuelt overskot av prosjektet, eller der det er uklårt om det ligg kommersielle interesser bak.
  • Typiske offentlege oppgåver.
  • Lukka medlemsorganisasjonar.