Lærer tusentals elevar å bli Sjef i eige liv

LÆRER VEKK GODE SPAREVANER: Anne Marie Håheim og Emir Saracevic meiner det er viktig å bevisstgjere dei unge om sparing og forbruk.

3.februar 2018 –  Inger Marie Lien

Svindel, kortbruk, BSU, eigenkapital, lønn, skatt, rente, kredittkort, lån, betalingsanmerkning, fondssparing, budsjett; dette er blant omgrepa som står på pensum når Sparebanken Sogn og Fjordane lærer 16- og 17-åringar å bli Sjef i eige liv. 

– Vi har ikkje hatt så mykje om dette på skulen, så eg trur vi har god nytte av å lære om å tenke meir over forbruket vårt, seier Runar Sunde Kjøsnes.

Saman med kompisen Andreas Søgnesand og resten av klassen frå Hafstad VGS er han klar for å starte skuledagen i banken og få opplæring i privatøkonomi.

Ingen av dei to har deltidsjobb i dag, men begge har begynt å legge planar for framtida; Andreas ønskjer å bli pilot, medan Runar har lyst å få jobb innan økonomifag.

– Uansett kva inntekt ein har, er det viktig å lære seg å halde kontroll på økonomien. Det er interessant at vi får denne gjennomgangen i dag, seier Andreas.

GODT SAMARBEID MED UNGT ENTREPRENØRSKAP
Sjef i eige liv går ut på at elevane vel seg eit yrkeskort, der dei får oppgitt månadsløn for sitt yrke. Basert på dette set elevane opp eit budsjett, og etterkvart som dei fyller ut kostnadane knytt til dømes bustad, bil, fritidsaktivitetar, mediebruk, mat og kle, ser dei kor lenge dei må spare for å få nok eigenkapital til å kjøpe sin første bustad.

Det er bankens eigne tilsette som kursar elevane, og dagens utvalte er kunderådgjevarane Anne Marie Håheim og Emir Saracevic. Håheim har jobba i banken i fem år, og har gjennomført Sjef i eige liv like lenge, medan Saracevic er med å undervise for første gong.

– Dette handlar om at vi må bevisstgjere elevane så tidleg som muleg om at små impulskjøp, fort blir store summar. Vi må få dei til å etablere gode vaner som til dømes å lage nistepakke, spare litt av lønna om ein har deltidsjobb eller kutte i småkjøp, seier Håheim.

Tal frå Kredinor viser at kredittkortgjelda blant unge mellom 18 og 25 år er på svimlande 283 millionar.  Å drive aktiv økonomiopplæring blant unge, er derfor viktig for å sikre at fleire har kontroll på økonomien.

Sidan oppstarten for 5 år sidan, har banken derfor lært opp over 5000 vidaregåandeelevar i privatøkonomi, fordelt på dei ulike kontora i fylket. Programmet skjer i samarbeid med Ungt Entreprenørskap. UE er eit viktig bindeledd mellom skule og næringsliv, og banken har hatt eit svært godt samarbeid i meir enn 15 år. I tillegg samarbeider banken med UE om Økonomi og karriereval som blir gjennomført i ungdomsskulen.

KVA OM DU MISSER JOBBEN?
På bakerste rad sit Henrikke Hopland og Nikoline Tomassen. Dei meiner det er smart med økonomiopplæring, men at dei ikkje er klare til å kjøpe bustad heilt endå.

– Det blir nok ei stund til eg skal kjøpe, men så var eg heller ikkje klar over at det tar så lang tid å spare opp til eigenkapital. Så eg har i alle fall lært at det er lurt med BSU allereie no, seier Henrikke.

Dei to blei også utfordra på kva justeringar ein må gjere i budsjettet dersom ein skulle misse jobben, og får ei redusert inntekt.

– Med ei lågare inntekt, må ein kutte i kostnader som til dømes å kjøpe billegare mat, lage nistepakke og kanskje seie opp nokre streaming- eller musikkabonnement, seier Nikoline.

EIN FORSMAK PÅ VAKSENLIVET: Andreas Søgnesand t.v. og Runar Sunde Kjøsnes fekk i dag prøve å sette opp budsjett og innsikt i ulike kostnader ein må tenke på når ein får seg jobb. 

EIT HAV AV MOGLEGHEITER: Yrka er mange, og vala er vanskelege når elevane skal tenke på framtida.

VIKTIG, MEN VANSKELEG: – Eg har deltidsjobb, men syns det kan vere vanskeleg å spare, seier Henrikke Hopland t.h.