Signerte millionavtale med Florø Fotball

GODT OPPMØTE: Banken, med Trond Teigene og Ole Aukland i spissen, møtte i dag Harald Gjervik og Florø Fotball for å signere ny treårig sponsoravtale. 

1.februar 2018 –  Inger Marie Lien

Sparebanken Sogn og Fjordane signerte i dag generalsponsoravtale med Florø Fotball for tre nye år. Avtalen er den største banken har i Ytre Fjordane, og skal vere med å rigge klubben til OBOS-ligaen. 

– Dette er ein viktig avtale for oss. Vi er opptatt av langsiktige samarbeid, noko Florø Fotball er eit godt eksempel på. No ønskjer vi å vere med å bidra til at dei får ein god start i OBOS-ligaen og kan oppfylle dei krava som følgjer med å vere på eit slikt nivå, seier adm. direktør Trond Teigene.

Under signeringa i dag gav dagleg leiar i Florø Fotball, Harald Gjervik uttrykk for at avtalen gjer det lettare for klubben å planlegge framover.

– No kan vi rigge oss både organisatorisk og sportsleg, og det gjer at vi kan bli flinkare på å kommersialisere effekten av at vi er på dette nivået, seier Gjervik.

Den nye avtalen er på over 4  millionar, og for å få full effekt av avtalen, ligg det inne tre konkrete prosjekt som Florø Fotball no skal i gang med. Under signeringa i dag, presenterte Gjervik desse prosjekta.

OBOS-status gir synergiar i heile fylket 
Blant anna skal klubben jobbe med ei akademiklassifisering som er ei vidareføring av kvalitetsklubbprosjeket.

– Det er eit krav om ein skal kunne hente ut utviklingsmidlar frå norsk toppfotball. Dette trer i kraft i 2019, men det er ein stor jobb som skal gjerast, så det er godt å ha tid på seg, forklarte Gjervik.

Det neste prosjektet er ein landsdekkande G18 juniorserie, der spelarar frå andre klubbar i Sogn og Fjordane også får delta.

– Det er viktig for oss å skape synergiar mellom OBOS-statusen vår og andre fotballmiljø i fylket. Vi har mange talentfulle spelarar i desse aldersklassane, og det å ha eit tilbod utover 4.-divisjonsfotball, som i tillegg fangar opp dei frå førstelaget som ikkje får nok kampar i OBOS, er svært viktig for ei så stor gruppe spelarar, seier Gjervik.

Det tredje prosjektet omhandlar barnefotballen, med eit spesielt fokus på å få fleire jenter til å spele fotball.

– Vi ser at det blir viktig å få dei til å bli verande i klubben lengst mogleg. Dette er ei satsing som skjer i samarbeid med NFF Sogn og Fjordane, forklarte Gjervik.

Skaper stoltheit
Under signeringa i dag blei det understreka kor mykje Florø Fotball betyr for byen og regionen.

– Florø Fotball har klart å skape ei enorm stoltheit og begeistring langt utanfor Florø by også. At dei no skal spele i OBOS-ligaen er imponerande, og vi gler oss til å følgje dei som sponsor. Dei har ei viktig satsing på breiddefotball, samstundes som dei jobbar for å skape elitespelarar, og det er ein viktig kombinasjon, seier regionbanksjef Ole Aukland.