Aleksander Raftevold er årets første Furorevinnar

Aleksander Raftevold ante ingenting.  Laurdag blei han overraska med eit furorestipend på 50.000 kroner.  

Til eit fullsett Larris under kveldens Luttpris, blei Aleksander Raftevold overraska med å bli tildelt årets første Furorestipend på 50.000 kroner frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Med dette lanseringsstipendet oppmodar juryen og Sparebanken andre unge talent om å søke. Fristen for å søke om Furorestipend er 15. juni, og du som er mellom 15 og 30 år, kan søke i klassane kultur, idrett og open klasse.

– Eg trudde eg skulle vere her i dag for noko heilt anna. Dette var heilt sjukt! Tusen takk. Det betyr utruleg mykje for meg, sa ein glad og svært overraska Aleksander Raftevold.

Om vinnaren seier juryen følgande:
24 år gamle Aleksander Raftevold frå Eid, med artistnavnet Aleks Grey, har imponert juryen sidan 2015, då hans andre single Unstoppable vart ein gjengangar på Liverpool FC sin legendariske heimebane Anfield straks etter at Aleksander var uteksaminert frå LIPA. Seinare har det blitt opptredenar både på Malakoff, NRK, BBC og Manchester Citys heimebane Etihad Stadium. Aleksander har funne sin identitet som artist, komponist og produsent; og jobbar målretta mot å etablere seg i ei av verdas hardaste bransjar. No har han spelt inn ny musikk som lovar svært godt for tida som kjem. Dei nye låtane er venta å komme ut i løpet av våren. Furorejuryen følgjer spent med på utviklinga, og ønskjer Aleksander all mogleg lukke til vidare.

Juryen for furorestipendet består av Stig Roger Eide (Firda), Torill Faleide (Førdefestivalen), Trude Skarvatun (Førde kulturskule), Terje Lyngstad (tidl. teatersjef, Sogn og Fjordane Teater & Hordaland teater) og Pål Fidjestøl (Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane).

Furorestipendet er eit personleg stipend til framifrå ungdom (15-30 år) i kategoriane kultur, idrett og «open klasse». Stipendet har variert i storleik frå 10.000 til 100.000 kroner; men dei siste åra har alle stipenda vore på 50.000 kroner. Furorestipendet har søknadsfrist 15. juni kvart år. Eige søknadsskjema for Furorestipendet vert lagt ut på www.sparebankstiftinga.no ein månad før søknadsfristen.  Dei siste par åra har vi også delt ut eit «lanseringsstipend» i forkant av søknadsfristen, for å oppmode fleire til å søkje. Dette stipendet har gått anten til nokon som har søkt tidlegare men ikkje nådde opp den gongen – eller som ikkje har søkt om Furorestipend.

Luttprisen er NRK si årlege feiring av musikklivet i fylket, som i år vert sendt live på NRK Nett-TV og radio frå Larris Scene i Førde. Lutt-prisen sendast på NRK2 søndag 21. januar klokka 15.55.