900.000 kroner til frukt og bær-prosjekt

Landbruksselskapet Sogn og Fjordane mottok laurdag ei gåve på 900.000 kroner av  Sparebanken Sogn og Fjordane. Gåva skal nyttast til Landbruksselskapet sitt prosjekt for å auke verdien av frukt og bær-produksjonen i fylket

Laurdag var kunderådgjevar på bedriftsmarknad og fagansvarleg for landbruk i Sparebanken Sogn og Fjordane, Ragnhild Helgheim, tilstades på Agronordvest sitt seminar på Hotel Alexandra i Loen.

Med seg hadde ho ein sjekk på 900.000 kroner til Landbruksselskapet Sogn og Fjordane sitt frukt og bær-prosjekt. Anders Felde tok imot gåva på vegne av Landbruksselskapet.

– Landbruksnæringa er godt nøgde med at vi har ein bank som ser verdien av matproduksjonen i fylket, og er villige til å bruke ressursar for å auke verdiskapinga til landbruket i fylket, seier Felde etter gåveutdelinga.

Bakgrunnen for gåva er  næringa i fylket sitt mål om å doble verdien av frukt- og grøntproduksjonen innan 2025. Frukt og Bær-prosjektet til Landbruksselskapet skal sikre at denne målsettinga vert nådd, gjennom å auke areal og effektivitet. I dei neste tre åra vil prosjektet  jobbe for å hjelpe produsentane med å drive enda meir effektivt, rekruttere nye heil- og deltidsprodusentar, og gjere meir dyrkingsareal tilgjengeleg.

– Vi i Sparebanken Sogn og Fjordane ser på denne satsinga som «eit lite kinderegg»: Vi ser tre positive effektar ved dette prosjektet; å styrke landbruksnæringa, å rekruttere fleire heil- og deltidsbønder, og å vidareutvikle kulturlandskapet. Landbruksnæringa er viktig for fylket vårt, og gjev store ringverknadar som skapar arbeidsplassar også i andre næringar. Bøndene skapar rett og slett mykje aktivitet på tvers av næringar i Sogn og Fjordane med jobben dei legg ned, seier Helgheim.

I tillegg til midlane frå Sparebanken Sogn og Fjordane, via Sparebankstiftinga, er prosjektet finansiert med midlar frå fylkeskommunen og Fylkesmannen.