Søk om draktsett til miniputtane

18. januar 2017 –  Inger Marie Lien

Sparebanken Sogn og Fjordane har i mange år vore ein stor bidragsytar til idretten i Sogn og Fjordane. Sparebanken Sogn og Fjordane har i 30 år vore NFF Sogn og Fjordane sin hovudsamarbeidspartnar. Målsettinga med samarbeidet er å skape aktivitet og engasjement i lokalsamfunnet. Det blir ofte fokusert på eliteidrett, men Sparebanken Sogn og Fjordane er også sitt ansvar bevisst i forhold til barn og breiddeidrett i Sogn og Fjordane.

Fotballklubbar i Sogn og Fjordan kan søkje om å få gratis draktsett til spelarar i aldersklassane 6-10 år  (Kongleriket Miniputt  Sogn og Fjordane).

Søknadsskjema til draktsetta ligg nedst på denne sida.  NB! Søknadsfrist er onsdag 01. mars 2018.

I søknaden må ein oppgi følgjande informasjon:

  1. Namn på klubb, lag
  2. Farge på drakt, shorts og strømper
  3. Størrelse: 7-8 år (xs), 8-9 år (s), 10-11 år (m)
  4. Namn på lagleiar/kontaktperson, samt kontaktinformasjon

NB! Laget må ha løyve frå klubbleiar til å søkje. Dette på grunn av lokale sponsoravtaler og bransjeeksklusivitet.


Litt om draktene:
Draktene vil vere av merket Nike ( Park VI ) (ref. Intersport Sogndal), og dei vil ha reklame for Sparebanken Sogn og Fjordane på brystet og Intersport på hals. Eit sett vil bestå av totalt 10 spelarsett med skjorte, shorts og strømper, av desse er 2 stk. keeperblusar. (Er i fargane raudt, blått, kvitt, svart, gult, orange og grønt).

Etter at søknadsfristen er ute vil heldige vinnarar bli trekt ut. Sparebanken og fotballkretsen vil oppsøke heldige vinnarar og dele ut draktene på trening eller eit arrangement. Vi ønskjer at alle skal få draktene til Kongleriket miniputtrunde 1, den  06.05.18

Draktene skal vere i laget og gå vidare til neste gruppe av 6-10 åringar. Ved spørsmål kontakt Svein-Olav Myklebust på e-post: svein-olav.myklebust@fotball.no

Vi håpar dette tilbodet vil glede alle som driv med fotball på barne- og ungdomsnivå, og vi ønskjer dykk lykke til vidare med klubben sitt arbeid for barn og unge.

Draktsett 2018

Stemningsrapport frå turneringane i 2016. Sjåast vi i år?