Ny treårig avtale med fotballkretsen

Adm. direktør i SSF Trond Teigene, Svein Olav Myklebust og marknadssjef Gunn Aase Moldestad er stolte over å kunne vidareføre samarbeidet. 

10. januar 2018 –  Inger Marie Lien

Sponsorsamarbeidet mellom Sparebanken Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane Fotballkrets fyller 30 år i år. Så kva passar vel betre som feiring, enn å signere ny treårig avtale? 

– Dette er eit viktig samarbeid, fordi det skaper ei langsiktig relasjonsbygging. Med ein slik avtale kan vi enklare planlegge større aktivitetar framover, seier Svein Olav Myklebust, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Fotballkrets.

Viktig for minifotballen og Kongleriketurneringane
Fotballkretsen jobbar svært aktivt for å sikre kvalitet ute i klubbane, og  i avtalen støttar banken ei særskilt satsing på trenar- og spelarutvikling. Mellom anna har fotballkretsen sett i gong prosjekt Drømmetrenaren og ei særskilt satsing på jentefotball.

– Drømmetrenaren går ut på at vi rettleiar og føl opp trenarane i større grad. Vi ønskjer at klubbane skal ha eigne trenarkoordinatorar, og at dei får tilbod om fagtiltak for trenarane sine. Dette skal gjelde på alle aldersnivå, fortel Myklebust.

Gunn Aase Moldestad, marknadssjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, rosar det langvarige samarbeidet med kretsen.

– Dette er eit samarbeid vi er stolte av å kunne vidareføre. Verdiane kretsen står for samanfell godt med våre eigne om å vise engasjement og vere tett på dei ulike lokalmiljøa. Ikkje minst er avtalen viktig fordi vi ser kor mykje bra vi og kretsen får til med m.a. Konglerike miniputt turneringane som er det største arrangementet for barn i Sogn og Fjordane med om lag 3600 deltakande barn i kvar av dei fire rundane fordelt på 32 stader i fylket, seier Moldestad.

Vil løfte jentefotballen
Eit anna tiltak fotballkretsen jobbar med, er å løfte nivået i apparatet rundt jentefotballen, der dei har konkrete mål om meir rekruttering og fleire kvinnelege leiarar og trenarar.

– Vi er ein sterk forkjempar for jente- og damefotballen, for der ser vi at vi ikkje har vore god nok. Jentene reiser tidleg for å studere og kjem kanskje ikkje igjen før dei er i 30-åra. Då går dei gjerne rett i ein familiesituasjon. Dette slepp ein i Hordaland, der dei held kontakten med klubben også medan dei studerer, fordi dei ikkje treng å flytte så langt, seier Myklebust.

– Vi jobbar også med kvalitetsklubb satsing, der vi løftar opp 8-9 klubbar som får klare krav til struktur, utvikling og balanse mellom jenter og gutar. I tillegg må dei ha ein dagleg leiar. Trenarar innan fotball bør vere høgt utdanna. Det aukar verdien på produktet og kan auke tal arbeidsplassar etterkvart, seier Myklebust.

– Avtalen med fotballkretsen er ei av dei titals sponsoravtalane som banken har med ulike lag og organisasjonar som driv langsiktig arbeid med barn og unge. Å legge til rette for at ulike idrettslag får auka kvalitet på spelar- og klubbutvikling, er vår måte å bidra i det langsiktige arbeidet, avsluttar Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.