Slik sparer du smart til barnet ditt

9. januar 2018 – Helene Sunde

Å spare på vegne av borna sikrar dei ein god økonomisk start på livet. Vi vil her presentere tre gode løysingar på korleis du kan spare smart til borna dine.

  1. Sparekonto Start

For unge mellom 0 og 18 år tilbyr vi Sparekonto Start. Sparekontoen har god rente frå første krone, og er barnet under 13 år blir det automatisk medlem av Kongleriket – barnekonseptet vårt. Å inkludere barnet i spareprosessen frå tidleg alder, vil også kunne bidra til gode, framtidige haldningar.

  1. Bustadsparekonto

Mange ynskjer også å spare til bustad på vegne av borna. BSU-kontoen er kjent for fleire, og er den kontoen vi tilbyr med høgast rente til bustadformål. Men, i tillegg til høg rente, vil ein også kunne opparbeide eit skattefrådrag, som barnet går glipp av når det sjølv ikkje er skattepliktig. Vi anbefaler difor sparing på Bustadsparekonto, som på same måte som BSU har ei høg rente og er tiltenkt bustadformål, men utan skattefrådraget. Med Bustadsparekonto kan ein spare inntil 30 000 kroner i året, og inntil 300 000 kroner totalt.

  1. Sparing i fond

Freistar det derimot med ei høgare avkastning så er sparing i fond det riktige valet. Fondssparing er optimalt når ein ynskjer å setje av litt pengar kvar månad over lengre tid, gjerne fleire år. Denne forma for sparing inneheld risiko, men ved lengre horisont så er sannsynet stort for ei positiv avkastning. Vi skil mellom tre forskjellige typar fond. Sparing i Aksjefond vil kunne gi den høgaste avkastninga, men samstundes vil ein kunne forvente dei største svingingane, og anbefalast dersom ein skal spare lenge. Dette er dermed eit godt val når ein skal spare på vegne av borna. Ynskjer ein derimot noko mindre svingingar eller ein kortare sparehorisont så er Rentefond eit godt alternativ. Her plasserast kapital i rentebærande verdipapir. Eit siste alternativ er Kombinasjonsfond, der ein plasserer kapital i både aksjar og renter. Risikoen og svingingane i verdi vil variere etter kor høg aksjeandel ein vel i fondet.

Alt i alt, Sparekonto start er ein god start for sparing på vegne av born. Ynskjer ein noko høgare avkastning er Bustadsparekonto og fondsparing svært gode supplement.