Linda Vøllestad Westbye er ny direktør for privatmarknad

18.desember 2017-  Inger Marie Lien

Linda Vøllestad Westbye (38) er Sparebanken Sogn og Fjordane sin nye direktør for privatmarknad. Ho startar 1. april 2018.

Sparebanken Sogn og Fjordane har tilsett Linda Vøllestad Westbye (38) i rolla som direktør for banken sitt største forretningsområde, Privatmarknad.

Privatmarknaden utgjer om lag 75 prosent av forretningsvolumet til banken, og ho får ansvaret for rundt 150 tilsette fordelt over 13 kontor. Westbye går inn i leiargruppa og rapporterer til administrerande direktør Trond Teigene. Ho starter i stillinga 1. april 2018.

– Eg gler meg veldig til å begynne, og er audmjuk og spent. Dette er eit nytt felt for meg, samtidig som eg ser mange parallellar til mine eigne jobberfaringar, både når det gjeld ny teknologi og endringar. Eg ønsker å vere ein pådrivar for dette fylket, og å få lov å vere med på å påverke banken framover inspirerer meg stort. Banken har tatt på seg eit stort samfunnsansvar for fylket. Det er viktig for meg og ein stor motivasjon, seier Linda Vøllestad Westbye.

Westbye har sidan 2014 vore tilsett som avdelingsdirektør i Lotteritilsynet i Førde. Ho starta som rådgjevar i tilsynet i 2009, og kom før det frå stillinga som regionssekretær i Landsforeningen for trafikkskadde. Ho er utdanna samfunnsvitar og har mastergrad i sosialantropologi. Westbye flytta til Førde i 2007, ho er gift og har to born.

– Linda er ein nytenkande, energisk og handlekraftig leiar. I ei tid der næringa står ovanfor betydelege endringar, kan manglande bransjeerfaring vere meir ein fordel enn ei utfordring. Eg er overtydd over at ho vil vere ein inkluderande leiar og lagspelar. Ho er utviklingsorientert, tydeleg og evner å utfordre det etablerte på ein konstruktiv måte. Banken har ein svært sterk posisjon på privatmarknaden, og eg er trygg på at Linda har det som trengs for å utvikle banken sitt største forretningsområde vidare, seier Trond Teigene, adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane,

Sparebanken har 105.000 privatkundar og ein marknadsdel i Sogn og Fjordane på over 47 prosent. I tillegg er rundt 50 prosent av utlånsveksten på privatmarknaden utanfor fylket, spesielt i Oslo og Bergen. Privatmarknaden tilbyr tenester innan bank, forsikring, sparing/pensjon og eigedomsmekling.

Westbye overtar stillinga etter noverande direktør Hallvard Klakegg, som startar i jobben som direktør for Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane den 1. april.