Nyttårforsett om å spare?

Spar fleire tusenlappar utan at du merkar det

15. desember 2017 –  Inger Marie Lien

Korleis det går med denne småsparinga, som tikkar og aukar kvar gong eg bruker kortet mitt?

Ikkje hugsar eg når eg oppretta avtalen, heller ikkje kva beløp eg begynte på. Det eg veit, er at eg aldri har kontantar, og at eg bruker Visakortet mitt til ALT; storhandelen ein gong i veka, kafèbesøk, bussbillettar, søndagshandel når vi er tom for melk og småsnacks på veg heim frå jobb for å roe ein svolten mage. Dette måtte eg finne ut av, og dermed bar det inn i nettbanken.

Ifølgje arkivet mitt oppretta eg Småspar i september 2016, og eg sette eit fast trekk på 10 kroner kvar gong eg brukte kortet mitt. Etter ei kjapp eksportering til excel, sparte eg 1560 kroner i løpet av nokre haustmånader. Ikkje noko oppsiktsvekkande stort tal, tenker du kanskje. Og det tenkte nok eg også. For i mars 2017 sette eg meg eit forsinka nyttårsforsett, og oppjusterte trekket til 20 kroner kvar gong eg dreg kortet. Og sidan eg framleis aldri har kontantar tilgjengeleg, har det frå mars til no (minus ein liten sparepause i haust) gått inn 5520 kroner på sparekontoen min. Det er jo ein flybillett til Sri Lanka, tur/retur! Frå eg oppretta småspar for halvanna år sidan, har det totalt gått over 7000 kroner inn på sparekontoen min, utan at eg har merka noko som helst. Dette er genialt. GE-NI-ALT!

Slik bestiller du Småsparing:

  1. Logg inn i nettbanken
  2. I menyen til venstre velger du «Sparing» og går vidare til «Banksparing«
  3. Her får du opp ulike sparemetodar, under Småspring klikker du på «Legg til ny»

Du kan sjølv velje kva konto beløpet skal gå inn på, og du kan opprette fleire spareavtalar som går inn på ulike kontoar. Småsparing er kun tilgjengeleg for Visakort, ikkje kredittkort.

Om du vil ha eit fast sparebeløp, kan du velje mellom 1, 2, 5, 10, 20 eller 50 kroner. Om du heller vil at kjøpesummen skal rundast oppover, bestemmer du om det skal vere opp til nærmaste femmar, tiar eller femti. På begge modellane kan du velje eit maks sparebeløp pr. dag.

Slik ser det altså ut:

Så treng du tips til eit nyttårsforsett, som det faktisk går an å halde, så er det å spare med Småspar. 10 og 20 kroner høyres nok ikkje så mykje ut, men når du tenker på at nordmenn i snitt drog kortet sitt 417 gonger i løpet av 2016, blir mange småbeløp fort til ein fin sum på sparekontoen. Om du er verkeleg ambisiøs kan du opprette fleire avtalar for småsparing, inn på ulike kontoar, sjølv om du berre har eitt visakort.