No er den første dagturhytta opna

8. desember 2017 –  Inger Marie Lien

Den første dagsturhytta i fylket vart opna med hytteboogie, då Good Time Charlie spelte opp til opningskonsert i Trivselsskogen på Sandane.

Hytta vart løfta på plass med helikopter og montert dagen før opninga, og i dag kunne fylkesordførar Jenny Følling og ordførar i Gloppen Leidulf Gloppestad endeleg klyppe snora.

Krafttak for å få folk på tur
– Vi tek no eit krafttak for å for folk på tur, og dette er eit flott tiltak for å få fleire ut på tur og nytte turmoglegheitene som ligg i nærmiljøet. Dette skal vere turar for heile familien, og eg er sikker på at denne og dei andre hyttene vil bli mykje brukte, seier Følling.

Trivselsskogen var fylt med skuleelevar, barnehagebarn og andre då opninga av den første dagsturhytta gjekk føre seg i skikkeleg vestlandsk seinhaustvêr. Men vêret sette ingen stoppar for stemninga, og det vart både turstemning og førjulsstemning – med kvikk lunsj til alle frammøtte og snø i lufta.

Samarbeidsprosjekt for folkehelsa
Hytta i Gloppen får i løpet av 2018 selskap av 25 like hytter rundt om i alle kommunane i fylket. Sjå kartet her over kor hyttene vil dukke opp. (Kartet blir oppdatert etterkvart som fleire kommunar bestemmer seg for plassering.) «Sogn og Fjordane»-hytta er eit samarbeidsprosjekt mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebanken Sogn og Fjordane, fylkesbiblioteket og kommunane i fylket. Sparebanken Sogn og Fjordane har løyvd 5,2 millionar kroner til prosjektet. Under opninga i dag var banksjef Odd Kjetil Tonning til stades.

– Frå SSF si side har dette vore eit spennande prosjekt å følgje frå start til slutt. Deler av overskotet frå bankdrifta skal gå til trivsel, bulyst og folkehelse. Difor er det viktig med lavterskeltilbud som dette, som bidrar til å få fleire ut på tur. Dette er òg den største gåva vi nokonsinne har gitt, der vi legg over 5 millionar kroner i potten, og derfor er det ekstra kjekt å sjå den overveldande positive responsen gåva har fått, seier Tonning.

– Dette tykkjer vi er eit sprekt prosjekt å få vere med å støtte. Her får vi fleire folk ut i naturen på ein måte som er smart tilrettelagt, interessant, barnevenleg, som aukar tryggleiken, og som gir fylket eit flott fortrinn med omsyn til turisme, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Natur og kultur
Gloppen kommune har dei to siste vekene hatt ein solid dugnadsgjeng i sving for å førebu tomta, rydde skog, få på plass skilt og innreie og gjere hytta klar. Sjølve hytta vart flydd på plass og montert onsdag og torsdag denne veka. Dagsturhyttene skal ligge på populære turmål og skal vere ein plass å gå inn, byte klede, ete nista si og få varmen i seg når ein er på tur. Utgangspunktet for dagsturhyttene er visjonen i Regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv – fysisk aktivitet for alle.

I tillegg inneheld hytta eit nynorsk fjellbibliotek med bøker til bruk på staden. Opninga i dag starta derfor med ei lesestund for barnehagebarn med lesegledar bloggaren Marthe Holien Bø frå Stryn.

Fylkesbiblioteket har fått midlar frå Nasjonalbiblioteket til eit prosjekt som skal skape aktivitet i og ved hyttene, og prøve ut kombinasjonen kultur og fysisk aktivitet/tur. Den kulturelle skulesekken skal også kunne bruke hyttene som konsertarena.

Jenny Følling, Kaja Johannessen og Leidulf Gloppestad  stod for snorklyppinga i dag.

Good Time Charlie med minikonsert. 

Fin utsikt, trass skodde på opningsdagen.