Næringslivet i fylket – Slik er ståa

7. desember 2017 – Johanne Sandnes

Bankdirektør for bedriftmarknad Kjetil Bjørset og administrerande direktør Trond Teigene set status for 2017.

Torsdag 7. desember inviterte Sparebanken Sogn og Fjordane bedriftskundar og samarbeidspartar til julefrokost. Dei 115 frammøtte fekk servert frokost og tre sesjonar i morgontimane mellom 8 og 10.

Rolf Sanne-Gundersen snakka om strategisk næringsplan for Sunnfjord og om prioriteringar  og retning. Terje Laberg heldt og ein sesjon om innovasjon i industrinæringa.

2017 under lupa
Først ut var administrerande direktør Trond Teigene og bankdirektør for bedriftsmarknad, Kjetil Bjørset, frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Dei satte status for næringslivet i fylket i 2017.

-Vi har i dag 12 milliardar utlånt til næringslivet i fylket. I privatmarknaden har vi tre gongar meir. Størrelsen på banken vår definerer kva rolle vi kan ta. Det har ein direkte samanheng, så privatsatsinga vår er viktig, også for næringslivet. Dei store bankane vier ikkje stor merksemd mot dette fylket, så vår viktigaste rolle som lokal bank er heilt klart å vere retta mot det som skjer her, seier Teigene.

-Vi er fylkets største bank og har rundt 270 tilsette hos oss. 140 av desse har kontorstad på hovudkontoret i Førde. Bank nummer to har om lag  35 tilsette i fylket. Dei har hovudkontor i Bergen. Vi skal vere her og vi skal sørge for at vi er konkurransedyktige. Vi er uavhengige og det skal vi vere, men samtidig samarbeider vi med andre for å sørge for at vi alltid er konkurransedyktige og i loopen på dei store digitale endringane i banknæringa, seier Teigene.

Kjetil Bjørset fortalde om ståa i næringslivet.

Kjetil Bjørset fortalde om ståa i næringslivet.

Direktør for bedriftsmarknad, Kjetil Bjørset, gjekk gjennom 2017, og la fram dei største tendensane i næringslivet.

-Vi bekymrer oss lite i kvardagen. Tilstanden er bra. Vi har lågare nyetablering enn landsgjennomsnittet, men overlevingsgrada på nyetablerte foretak er på 37 prosent, medan landssnittet er på 29 prosent. Det er låg sysselsetting i desse bedriftene, men det er det over heile landet, fortel Bjørset.

Desse næringane gjer det best
Blant næringane som gjer det aller best i fylket for tida er fiskeri, havbruk og reiseliv. Av dei 12 milliardane i utlån er rundt 1,8 milliardar av desse låna i fiskeri og havbruk.

– Vi ser og at reiseliv gjer det godt. Loen Skylift har for eksempel vore ein fantastisk suksess. Utfordringa med reiseliv er at det er mangel på heilårsarbeidplassar i næringa,  så det er ikkje sysselsetting heile året.

Bjørset fortel at jordbruk er ei viktig og stabiliserande næring i fylket.

– Bruka blir større og industrialisert og er rett og slett blitt store bedrifter, seier han.

Usikre tider i nokre bransjar
Blant næringane der det ventar litt meir usikre sider trekker Bjørset fram bygg og anlegg og handelsnæringa.

-Bustadmarknaden har usikre tider, og vi lurer på tida framover. Nye prosjekt er heilt avhengig av å ha gjort gode forhåndssalg før vi kan gå inn i det, seier han.

Også varehandelen knyttast det spørsmålsteikn rundt.

-Kva skjer med varehandelen? Er det trend-endringar eller er det netthandelen som slår hardt inn? Det var nedgang i oktober på landsbasis og det viste også på kronekursen. Boligprisutviklinga slår og inn der, fortel han.

Bjørset avslutta med å nevne dei spennande teknologibaserte bedriftene som blomstrer opp frå Sogndal, Vik. Luster, Førde og Dale, blant anna.

-Det er veldig viktig at desse heiast fram, og det gjer vi så godt vi kan, seier han.

folk

Stort oppmøte på julefrukosten.