100 000 kroner i julegåve til kreft- og barneavdelinga

7. desember 2017 – Johanne Sandnes og Inger Marie Lien

I staden for å gi julegåve til bedriftskundane sine, gir banken kvart år ei pengegåve til eit godt formål. I tillegg har også dei tilsette ein tradisjon med å gi si julegåve til ein organisasjon dei sjølve har vore med å velje ut. I år går desse gåvene til høvesvis barneavdelinga og kreftavdelinga på Førde Sentralsjukehus.

Dei tilsette i Sparebanken Sogn og Fjordane ønskte i år å gi si julegåve frå arbeidsgjevar til eit lokalt og godt formål, og i år valte dei ut kreftavdelinga ved Førde Sentralsjukehus. Kreftavdelinga tar imot vaksne pasientar frå heile fylket. Dei fleste behandlingar vert gitt ved Førde Sentralsjukehus, men etter avtale vert også ein del behandlingar gitt ved Nordfjord og Lærdal sjukehus.

– Jula handlar om å gje, og for dei tilsette er det meiningsfullt å gje gåva vidare til andre som treng det meir enn oss. Gåva vår skal brukast til å gjere kvardagen litt enklare for pasientane og pårørande ved kreftavdelinga, fortel hovudtillitsvald i Sparebanken Sogn og Fjordane, Marie Heieren.

Skal lette kvardagen
I dag blei derfor avdelingssjef på kreftavdelinga, Ingunn Solheim Terøy, og seksjonsleiar Monika Staberg Sunde invitert i banken på lunsj for å ta i mot gåva på 50 000 kroner. Dei møtte også representantar frå dei tilsette då dei fekk tildelt gåvesjekken.

– Først må eg berre få seie at dette var ein utruleg flott gåve å få, og eg syns det er raust av dei tilsette her å tenke på andre. Vi skal bruke gåva til velferdstiltak til pasientane og pårørande. Avdelinga vår blir heimane til mange, så det å gjere kvardagen til pasientane og pårørande litt lettare og meir normalisert er viktig for oss, fortel Terøy.

–  Overveldande!
Sparebanken Sogn og Fjordane har gjort det til ein tradisjon å erstatte julegåve til bedriftskundar og samarbeidspartar med ei pengegåve til eit godt formål.

I år er det  barneavdelinga på Førde sentralsjukehus som får 50.000 kroner. Sparebanken Sogn og Fjordane hadde invitert inn nettopp bedriftskundane til føredrag og fagleg påfyll torsdag, og difor passa det godt å overrekke gåva der.

Monika, Ingunn og Marie saman med ei rekke tilsette.

– Dette var overveldande, og vi blir så glade. Det er veldig kjekt å få bruke pengar på pasientane våre. Vi har dei minste barna og dei mest sårbare hos oss. Dei opplev å bli tatt ut og vekk frå deira normale liv, og blir frårøva opplevingar dei jevnaldrande får oppleve. Vi ønsker å hente inn det friske og normale til dei, så desse pengane kan for eksempel brukast til ipader, dataspel og opplevingar som pizzakvelder for barna, seier Sølvi Mjelstad Torset, seksjonsleiar på barneavdelinga for store barn, som tok imot gåva på vegne av avdelinga.

Roy Stian Farsund overrekte julegåva til Sølvi Torsen med fleire av bedriftskundane samla.

Roy Stian Farsund overrekte julegåva til Sølvi Mjelstad Torset med fleire av bedriftskundane samla.

– Kvart år har vi sett at gåva spreier glede og gjer kvardagen litt lettare for dei som får glede av denne. At vi kan komme med ei slik oppmuntring no rett før jul er ekstra kjekt, og kundane våre set også pris på at vi er ein bank som bryr oss, seier banksjef for bedriftsmarknad, Roy Stian Farsund, som delte ut gåva på vegne av Sparebanken Sogn og Fjordane.

– Det er veldig mange gode formål rundt om i fylket som ville vore ein verdig mottakar av ei slik gåve, og i år har vi valt å gje pengane til barneavdelinga. Dei tar imot barn frå heile fylket ved Førde sentralsjukehus, og tilbyr polikliniske tenester også ved Nordfjord og Lærdal sjukehus. Vi håpar gåva kan gjere ein forskjell for pasientane og familiane deira, seier han.

Les også: 
50 000 til innkjøp av mat og julegåver
Gir over hundre tusen i julegåve