Over 2000 på kino-kos med Kongleriket

5. desember 2017 – Johanne Sandnes

I løpet av førjulstida skal 2000 born og vaksne på Kongleriket-kino. Tysdag var det Førde sine Konglekundar sin tur.

Sparebanken Sogn og Fjordane har i november og desember sendt Kåre Bjørn og Elin Ekorn ut på ein skikkeleg kinoturne.

Rundt 2000 born og foreldre har blitt invitert på kino på 16 ulike plassar. Ungane blir ønskte velkomen av Elin og Kåre og får Kongleriket-godteposar og popcorn med seg inn i kinosalen.

Kongleriket-kinoane har hittil vore arrangert i Bergen, Stryn, Hardbakke, Balestrand, Sogndal, Årdal, Svelgen, Askvoll, Florø, Dale, Måløy, Dalsøyra, Bremanger og Førde. To «stopp» gjenstår på kino-turneen.

Snurra film i Førde

Tysdag 5. desember var det Førde som stod for tur, og rundt 360 born og vaksne fann seg godt til rette i kinoseta i Førdehuset. Dei fekk kome i julestemning med «Snekker Andersen og julenissen».

To av dei frammøtte var Julie (4) og Michael (4). Dei gjekk i same barnehage før, men kunne fortelje at Julie no hadde bytta. Difor var det ekstra stas å gå på kino ilag. Dei fann stor glede i at Elin Ekorn og Kåre Bjørn var på plass. Etter litt klemming var dei to fire-åringane klare for å sjå film, og ikkje minst klare for å kose seg med kino-snopet.

– Eg gler meg mest til popkornet, seier Michael.

– Og juicen og alt saman, samstemmer Julie.

Julie og Michael er klare for kino.

FIN GJENG: Julie og Michael er klare for kino.

Eid og Lavik neste

Elin Ekorn og Kåre Bjørn skal vidare med kino-sirkuset.

Neste stopp er Eid kino den 9. desember og Lavik 12. desember.

På Nordfjordeid skal Konglekino-gjengarane få sjå «Paddington 2», medan Lavik-publikummet får sjå «Ekspedisjon Knerten». Påmelding er via e-post til foreldra til Konglekundane.

Kundeprogram for dei små

Kongleriket er Sparebanken Sogn og Fjordane sitt kundeprogram for dei yngste. Gjennom Kongleriket kan barna spare og delta på kjekke aktivitetar i og utanfor banken.

Her finn du meir informasjon og litt alle om dyra i Kongleriket. Bli med på konkurransar og spennande aktivitetar.

TIDLEGARE PÅ TURNEEN:

DALE: Kåre og Elin helsar på kino-publikummet i Dale den 2. desember . 95 kundar kom på kino denne laurdagen.

MÅLØY: God stemning på raud løper då Sparebanken Sogn og Fjordane arrangerte Konglekino i Måløy den 29. november.

FLORØ: Glade nissejenter på kino i Florø 28. november.