Økonomiopplæring for unge, kven tar ansvaret?

KRONIKK

5. desember 2017 – Trond Teigene

I Norge blei det i fjor meldt inn over sju millionar inkassosaker. 43 834 av desse omhandlar unge under 25 år. Den samla inkassogjelda for unge mellom 18 og 25 år er på heile 283 millionar ifølgje tal frå Kredinor.

At tala blant unge er så høge, er utan tvil alarmerande. Mange i denne aldersgruppa jaktar status ved å kjøpe dyre merkeklede, vesker og mobiltelefonar, eller å reise til spennande og eksotiske stader i utlandet. Ein dyr livsstil som i mange tilfelle ser ut til å bli betalt med kredittkort. Tilboda om kredittkort, forbrukslån og utsett betaling kan ein finne «overalt» både hos flyselskap, store butikkjeder og utanlandske aktørar. Avtalepapira er omfattande, og det som står med lita skrift, blir nok sjeldan lest.

I tillegg har det aldri vore enklare å handle varer og tenester på nettet. Nokre få tastetrykk og plutseleg har du brukt både hundrelappar og tusenlappar. Beløpa veks fort når ein shoppar frå sofakroken, men det som veks endå fortare er rentene på kredittkorta dersom du betaler tilbake for seint. Droppar du å betale så lenge at rekninga til slutt går til inkasso, kan du vidare risikere å få betalingsmerknad. Og samlar det seg opp med fleire betalingsmerknader, kan ein risikere å ikkje få lån til hus eller bil i framtida.

Men å skulde på den enkle tilgangen av kreditt, er ikkje eit godt nok svar. Manglande økonomisk forståing blant unge gjer at mange ikkje ser alvoret i eit ukritisk overforbruk, inkasso eller kva det faktisk vil seie å ende opp med ein betalingsmerknad. Misser ein kontroll over økonomien, går det fort ut over livskvalitet, og det kan ta lang tid å rette opp igjen og betale tilbake gjelda hos kreditorane.

Beløpa veks fort når ein shoppar frå sofakroken, men det som veks endå fortare er rentene på kredittkorta dersom du betaler tilbake for seint.

Trond Teigene, adm. direktør SSF

Lærer dei unge å bli sjef i eige liv
Kven har ansvar for å betre forståinga av privatøkonomi, eigentleg? Svaret er at det er det fleire som har. I dag er ikkje privatøkonomi inne i læreplanane i skulane. Vi ser sjølvsagt at det er ein prioriteringskamp på kva som skal vere med og kva som må vike i slike planar, og vi skjønar også at skal noko nytt inn, må noko anna ut, for elevane har berre sine faste tilmålte timar. Mange meiner kanskje at økonomi må ein lære heime, men når også mange foreldre har rause vanar når det gjeld forbruk, er det ikkje like enkelt for dei unge å lære kva som er viktig å tenkje på når det gjeld økonomi.

Sparebanken Sogn og Fjordane ser på dette som eit viktig samfunnsansvar og har valt å ta ei aktiv rolle. Derfor gjennomfører vi kvart år fleire rundar med «Sjef i eige liv», eit økonomiopplæringsprogram for elevar i vidaregåande skule. Sidan vi begynte med dette programmet, har vi årleg hatt omlag 1000 elevar innom dørene hos dei ulike kontora våre, eller ute i skulane for å bevisstgjere dei på korleis dei kan lære seg gode vanar når det gjeld privatøkonomi. I tillegg gjennomfører vi «økonomi og karriereval» for ungdomsskuleelevar. Begge programma er utarbeidd av Ungt Entreprenørskap Norge i samarbeid med Finans Norge og blir gjennomført av fleire andre sparebankar rundt om i landet. Målet med begge desse undervisningsopplegga er å gi dei unge ei betre forståing av kva god økonomistyring går ut på, og at sparing og budsjett er viktige verktøy for å oppnå kontroll. Det høyrest simpelt og banalt ut, men det er dette som trengst, det ser vi også utifrå tilbakemeldingane vi får etter gjennomført kurs.

Jobbkort med yrke og løn er viktige verktøy under Sjef i eige liv.

Ein må ikkje undervurdere viktigheita av å la vidaregåande-elevar lære å bli Sjef i eige liv. 

Må synleggjere tala og pengane
Grunnen til at mange unge kanskje syns det er vanskeleg å lære seg økonomi, er at dei ikkje lenger ser fysiske pengar. Sparegrisen og dei fysiske pengane er snart vekke, og då forsvinn  også den enkle læringa av å telje pengar. Vi i Sparebanken Sogn og Fjordane har nyleg lansert ein eigen mobilbank for dei unge. Vi kallar den Mobilbank Ung, og med den kan unge heilt frå dei er 8 år, følgje med på saldoen sin og siste transaksjonar. Det er vår måte å gjere pengane meir synlege for dei unge, slik at dei kan sjå kva dei har brukt, og kor mykje dei har igjen på kortet.

Eit anna viktig moment i synleggjeringa av pengar, er å snakke med dei unge om økonomi og la dei forstå at ein ikkje alltid kan få i pose og sekk; ein må prioritere. Det å ikkje ha kontroll på økonomien er nok for mange eit tabu. Ved å snakke om økonomi også når ein har oversikt og kontroll, kan ein gjere dette tabuet mindre. Spesielt viktig er dette no inn mot julehandelen der butikkane freistar med både svarte fredagar og veker, oransje onsdagar og kybernetiske måndagar med det dei omtalar som spinnville tilbod og prisar. Her er det lett å la seg rive med, og bruke litt for mykje fordi ein kjøper meir enn ein eigentleg treng. Det å lære seg impulskontroll, ikkje kjøpe tingen med ein gong du ser den i butikken, men heller ønskje seg noko ei stund, er ei god øving. Då får du også kjent på om dette er faktisk noko du verkeleg har lyst på, eller om det berre var ei forbigåande freisting som kom medan du var i butikken.

Endring i kompetansekrav
Vi i Sparebanken Sogn og Fjordane tek vårt samfunnsansvar ved å la dei unge få kontroll med Mobilbank Ung og ved å lære elevane kva som er god økonomistyring. Vi er også med i eit nasjonalt nettverk som m.a.  har laga skolemeny.no; ein nettstad der lærarar enkelt får oversyn over kva som finst av undervisningsressursar og opplæringsmateriell til temaet personleg økonomi. Nettverket blei starta i 2015 på oppfordring frå Barne- og likestillingsdepartementet, for å koordinere innsatsen i ei  betre opplæringa i personleg økonomi for barn og ungdom, og for å førebygge økonomiske problem.

Gjennom det såkalla Ludvigsen-utvalet har ein fått ei brei kartlegging av kva kompetanse og opplæring ein vil ha behov for i framtidas skule. Og at det er behov for meir økonomiopplæring, er det ingen tvil om. Vi gir vårt bidrag gjennom programma Sjef i eige liv og økonomi og karriereval, men eit kurs på 2-3 timar i løpet av grunnskule og vidaregåande er ikkje nok. Vi har trua på at nye samarbeid mellom ulike aktørar i bransjen og skuleverketvil vere avgjerande for å sikre ei betre opplæring og unngå at fleire hamnar i Luksusfellen.


Kronikken stod først på trykk i Firda 05.12.17