Slik sparer du smart til pensjon

1. desember 2017 – Johanne Sandnes

Gunnar Heggheim fortel korleis du kan sikre deg ein god pensjon, og korleis sparinga kan gje deg store skattefordelar.

Torsdag kveld dukka rundt 90 kundar mellom 30 og 60 år opp på i bankens lokalar i Førde. Dei kom for å høyre på foredrag om pensjonssparing med leiar for investeringssenteret i Sparebanken Sogn og Fjordane, Gunnar Heggheim. I tillegg var kunderådgjevarane frå Førde-kontoret tilstades for å kunne svare på spørsmål i etterkant.

– Det skjer mykje på sparefronten for tida, som ny fondsløysing med utvida fondstilbod, aksjesparekontoen ASK som gjev auka fleksibilitet og den nye individuelle pensjonsordninga som er svært aktuell for mange, innleia Heggheim, og sat fokuset på IPS og pensjon for denne kvelden.

Spar i veg – begynn tidleg

Heggheim er tydeleg på at endringane i pensjonsreforma i 2011 gjer at ein må byrje å spare til pensjon tidleg for å kunne leve slik ein ynskjer som pensjonist.

Under foredraget ga han dette eksempelet: Ein 67-åring i dag lever i snitt i 15 år til. Om denne 67-åringen har ein oppspart pensjon på tre millionar, vil han kunne leve greitt på dette. Ein person fødd i 1982 vil i snitt leve tre år lenger, og den same summen må difor fordelast over fleire år.

– Det må sparast meir privat. Folketrygda blir mindre, og dette blir berre tøffare og tøffare for generasjonane som kjem. Dei må jobbe lenger for å få same pensjon som generasjonane før, fortel han, og utdjupar:

– Det meste som er moro her i verda kostar pengar. Du treng kapital. Forbruket går ikkje ned. Ved å tenkje langsiktig får du mogelegheita til å gå av når du vil, og du kan leve slik du ynskjer.

Spar med stor skattefordel

Heggheim fortalte om Individuell Pensjonssparing, IPS,  som med dei nye skattereglane gjer det ekstra attraktivt.

– Sparar du 40.000 per år, får du 9600 kroner i skattefordel. Sparinga gjev ingen formueskatt, og du får utsatt skatt på avkastninga.

Gunnar Heggheim lærer vekk sine pensjonstips

Espen Berge og Geir Kenneth Ulvik var tilstades på kundekvelden

Sparinga foregår i fond og Sparebanken Sogn og Fjordane tilbyr to variantar. Ingen av dei har ekstrakostnadar.

– For kundar som ynskjer å styre forvaltning heilt sjølv tilbyr vi fondstorget, der du vel kor pengane skal stå og risiko. I den ferdige pakken vel du kun risiko, vi tar oss av resten.

Her kan du lese meir om sparing i IPS

Ta ein risiko

Han utfordra dei frammøtte til å våge å velje ein viss risiko om ein skal spare pensjonen via IPS.

– For langsiktig sparing er det viktig å ha eit bevisst forhold til risiko. Den største faren er ikkje å ta for høg risiko, men for lav. Likevel, tilpass risiko etter alder, og ta ned risikoen når det nærmar seg pensjonsalder. Så våg å velje litt høgare risiko enn du hadde tenkt. Svingingar i markedet er ubehageleg, men du må ha is i magen. Dei tålmodige haustar oftast gevinst, rådar Heggheim.

Nytt om aksjefond

Gunnar Heggheim fortalte òg om Aksjekonto (ASK).

– Det nye er at privatpersonar kan flytte sine aksjefond, med 80 prosent aksjeandel eller meir, til egen ASK-konto. Det er fleksibelt og skattenøytralt. Du kan skifte fond inne i ordninga og også ta ut innsett kapital. Vi har ordninga klar, så de kan opprette og flytte fond til ASK-konto sjølv i portalen.

Han meiner det ikkje er store ulempar med ordninga, men at dei som har det må passe på å ikkje bli for aktive og skifte for ofte, det er nemleg oppskrifta på dårleg avkasting.

Les meir om aksjesparekonto her

Snuser på pensjonssparing

Geir Kenneth Ulvik (38) og Espen Berge (37) er kollegaer og kom saman på pensjonssparekveld i bankens regi.

– Eg må sjå fram i tid. Sånn det ser ut føler eg at eg må spare sjølv. Eg kunne eigentleg ynskje at eg byrja for lenge sidan, men pensjonssparing er ikkje det ein tenkjer på først, seier Berge.

Dei to i 30-åra  ser at det lønar seg å  sette i gong med sparing no.

– Eg har lenge spekulert på dette, og ser at eg må begynne å spare til pensjon sjølv for å sikre at eg har nok å leve for når eg er pensjonist, fortel Ulvik.

Spørsmål om pensjonssparing? Kontakt våre kunderådgjevarar i dag.