Opna dørene og lommeboka for TV-aksjonen

Klar til ringedugnad: Fv. Anne Karin Hamre, Trond Teigene, Ingrid Bertelsen (NHO), Jenny Følling, Martin Igland Malkenes og Arne Osland (UWC)

13. oktober 2017 –  Inger Marie Lien

Ei veke før TV-aksjonen går av stabelen, gjennomførte fylkesaksjonskomiteen ein ringerunde til lokalt næringsliv med oppmoding om at dei gir eit bidrag til innsamlinga.

22.oktober er datoen for årets TV-aksjon der pengane går til UNICEF sitt arbeid for å gi utdanning til barn som er råka av krig og konflikt. I dag samla derfor fylkesaksjonskomiteen seg i banken for å ringe rundt til lokalt næringsliv med oppmoding om at dei gir eit bidrag til aksjonen. Målet er auke engasjementet, og få flest mogleg til å gi.

Gir med glede
Saman med komiteen stilte også adm. direktør i Sparbanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene. Med seg hadde han 100 000 kroner til TV-aksjonen.

–  Vi har kvart år gitt ei større gåve til TV-aksjonen fordi vi syns dette er eit viktig arbeid å støtte. Lokalt er vi veldig opptatt av å støtte utdanning og skuleprosjekt, og derfor føler vi at årets tema treff oss litt ekstra. Utdanning har utruleg stor betydning, og er ei av dei store globale utfordringane, så vi gir med glede til denne aksjonen, seier Teigene.

Og at lokalet til banken blei opna opp for ringedugnaden, var ein sjølvfølge for Teigene.

–   Vi har god tradisjon for å opne dørene for TV-aksjonen når det gjeld opptelling av innhaldet i bøssene der tilsette stiller på. Derfor var vi aldri i tvil då spørsmålet kom om vi kunne stille lokale til dette, seier Teigene.

Ein annleis, men viktig telefon, meinte nestleiar Jenny Følling.

NRK sendte direkte på radio frå ringerunden på morgonsendinga.

Ein litt annleis telefon
Fylkesmann Anne Karin Hamre er leiar for fylkesaksjonskomiteen og meiner arbeidet med TV-aksjonen er svært viktig. Ho rosar arbeidet som blir lagt ned i kommunane i forbindelse med aksjonen.

– Det er eit voldsomt apparat av frivillige i sving, eg blir heilt imponert. Det er flott at så mange vil vere bøssebærar. Det er givande å vere med i fylkeskomiteen. Å sikre at fleire barn og unge får utdanning, er heilt avgjerande for at mange av desse landa skal ha ei framtid, seier Hamre.

Fylkesordførar Jenny Følling er nestleiar i komiteen og meiner ringerunden er viktig med tanke på dei langstiktige ringverknadane utdanning kan gi.

–  Føremålet med aksjonen er å gi 500 000 barn ei utdanning og gi dei framtidsutsikter. På sikt kan ungane dermed bidra til å byggje opp igjen desse landa. Det å sikre at fleire barn i krigsherja område får utdanning, det er kanskje den mest meiningsfulle telefonen eg kan ta, seier Følling.

Ringedugnad i heile landet

Martin Igland Malkenes er fylkesaksjonsleiar for TV-aksjonen og fortel at dette er første gong ringerunden blir gjennomført.

–  I dag blir det også blir gjennomført ringerundar i Sogndal og Florø. Neste veke gjennomfører Hordaland og det er også planlagt fleire andre stader i Norge. Så langt har vi inntrykk av at veldig mange vil bidra. Alle bidrag blir mottatt med stor takk, uansett størrelse, seier Malkenes.

Han hadde invitert NRK Sogn og Fjordane som sendte direkte på morgonsendinga, som i dag gjekk ut til både Sogn og Fjordane og Hordaland på deira samsending.

Fekk du ikkje telefon i dag? Fortvil ikkje! På nettsidene til giverstafetten kan du gi ditt bidrag til årets TV-aksjon.