Slik får du ein sunnare studentøkonomi

Var du ein av dei som hadde planar om at 2017 var året du skulle ha fullt fokus på sunn økonomi, men så har det ikkje gått heilt etter planen? Fortvil ikkje, der er enno håp. 

I byrjinga av januar skreiv vi eit innlegg med tips om korleis ein kan få stipendet til å strekke til  for studentar. Der var mellom anna fokuset på å vere bevisst på kva som går inn og ut av konto, og fordelane med å bruke budsjett.

På tide å med eit tilbakeblikk og juster deretter
Etter å ha testa budsjett ein periode er det lurt å ta eit tilbakeblikk og sjå på kva som fungerte og kva som må endrast på. Det treng ikkje å vere tidkrevjande å gjere dette. Set du deg ned ein liten time og går gjennom månadens transaksjonar i nettbanken eller i mobilbanken, finn du raskt ut kor pengane har gått. Samanliknar du desse «resultata» med det opphavlege budsjettet er det lett å sjå kva postar i budsjettet som må endrast. Kanskje er det nokon av forbruksvanane dine som kan strammast inn? Dersom ikkje; kva andre tiltak kan setjast i verk? Skaffe ein deltidsjobb eller finne alternativ på dei faste utgiftene?

Få oversikt og bygg økonomien steg for steg
Sjølv om ein finn blemmer i forbruket nyttar det ikkje å gjere som strutsen og stikke hovudet i sanden. Ta tak i det som gjekk gale og ver realistisk når du set opp det nye budsjettet. Ingen er tent med eit fint budsjett som ikkje er mogeleg å etterleve.

Rom blei ikkje bygd på ein dag, og det blir heller ikkje ein sunn og god økonomi. Start i det små, og ta steg for steg. Det kan vere lurt å sette seg økonomiske mål og delmål. Om det så er å handle mindre i kantina på skulen/jobben eller om det er å setje av ein hundrelapp kvar månad til BSU vil konkrete mål vere enklare å utføre enn «å vere generelt flink med økonomien».

Dersom du treng hjelp til å halde oversikta kan du med fordel opprette ein rekningskonto mm. Dette opprettar du enkelt og kostnadsfritt i eigen innlogga nettbank (gå til meny, velg konto og deretter opprett konto).

Opprett spareavtale
Når du no har sett opp det nye budsjettet har du forhåpentlegvis også fått plass til litt sparing. Noko av det luraste du kan gjere ved sparing er å legge opp spareavtale på stipdend-/lønningsdagen. På den måten går pengane ut av konto før ein rekk å tenke over at ein hadde dei inne. Spareavtale opprettar ein enkelt når du er innlogga i nettbanken (gå til meny, velg betaling/overføring, trykk på fast overføring og deretter fyll inn skjema).

Det er særleg på shopping at dei store budsjettsprekkane skjer. For å unngå dette er det derfor lurt å alltid stille seg spørsmåla: «treng eg dette eller er dette noko eg har ønska meg ?». Dersom svaret er nei på ein eller begge spørsmåla er det lurt å la vere. Mange butikkar tilbyr også at ein kan legge av varen for ein dag eller to. Så ein kan heller nytte seg av dette og komme tilbake dersom ein ikkje klarer å slutte og tenke på den genseren eller dei skoa.

Eit anna godt tips (særleg for studentar med stram økonomi) er å ta ut kontantar før ein tar turen ut på byen. På denne måten slepp ein uheldige overraskingar på konto dagen etter.

  • Sett deg realistiske mål og delmål: kva vil du spare til og korleis
  • Opprett ein eigen rekningskonto
  • Opprett ein spareavtale med trekk den dagen du får stipend eller lønn
  • Unngå shoppingblemmer og spør deg sjølv "Treng eg denne gensaren akkurat no?"
  • Ta ut eit passeleg beløp med kontantar før du skal på byen, og legg igjen kortet heime