På tide med nytt batteri?

Når sjekka du eller bytta batteriet i røykvarslaren sist?  1. desember er Røykvarslerens dag, så  i dag anbefaler vi alle å ta ein runde i bustaden å sjekke batteria i det vi går inn julemånaden.
Adventsstake svidd500Du er nok ikkje den einaste som har pakka opp og ned julepynten nokre gonger. Ofte blir ledningar litt klemt, eller pærer ødelagt, kanskje har adventsstaken velta eller vippa over ein gang eller to? Då kan den vere skada og brannfarleg utan at du er klar over det.

Adventsstaken på bilete begynte å brenne om natta. Det tok fyr i det eine lyset, og flammen spreidde seg til gardinene. Huset blei heilt nedsota etter branntilløpet.

Travel førjulstid
Desember er månaden for julekos og julelys, men også årets travlaste månad for brannvesenet. Det brenn i nesten 50 prosent fleire bustader i julemånaden enn i ein gjennomsnittleg månad elles i året. Og kvart år får vi i Frende Forsikring meldt ei rekke skadar som skyldast at dei mange elektriske smålysa i adventstjerner og juledekorasjonar er årsak til brann. Det er derfor viktig å ta nokre forholdsregler:

  • Tenn gjerne tusen julelys, men hugs å slukke dei om natta, og når du ikkje er heime!
  • Ta ein sjekkerunde før du legg deg
  • Kjenn etter om det er varmgang i kontakter og koblingar
  • Følg alltid bruksanvisninga for belysninga, og bruk den kun til det den er beregnet for.
  • La aldri ledningen gå over dørterskelen eller gjennom vinduet, slik at den kommer under press eller får bruddskader, og unngå bruk av skjøteledningar

Elektriske smålys kan vere veldig brannfarlege. Når ei lyspære på julebelysningen er gåen, vil spenninga og temperaturen auke på dei andre pærene. Dette kan føre til brann, spesielt når dei er nær anna julepynt eller materialer som lett tar fyr. I fleirarma adventsstakar kan pærene vere ustabile. Blir lysstyrken i dei forskjellege pærene ujevn, er det eit tegn på at noko ikke er som det skal. Då bør pærene skiftast ut. Bruk aldri lyspærer som er sterkare enn det julepynten er berekna for. Om plasten blir brun eller pynten får svimerker er det eit alvorleg faresignal.

Økt risiko for brann
Vi passar godt på levande lys, men mange gløymer at det er brannfarleg å plassere adventsstjerner og fleirarma lysestakar inntil gardiner eller annan julepynt. Det vil vi gjerne at du passar litt ekstra godt på i år.

I tillegg til levande lys og elektrisk julepynt, bruker vi meir straum enn vanleg no i desember. Små og store lagar mat på kjøkkenet, og vi fyrer i peis og ovnar for kos og varme,  noko som også aukar risikoen for brann.

Sjekk at du har slukkeutstyret i orden, og nytt batteri i røykvarslaren. Vi ønsker deg ei trygg og triveleg førjulstid.