Med mange liknande namn innanfor bankverda er det ikkje rart ein blir litt forvirra. Slit du med å skilje mellom BankID, BankID på mobil og kodebrikke? Eller veit du ikkje heilt kva du kan bruke Mobilbanken til? Fortvil ikkje! Her vil vi guide deg gjennom kva som er kva, og korleis dei ulike funksjonane brukast. 

BankID er først og fremst to ting. Det er ein personleg elektronisk legitimasjon for sikker identifisering, i tillegg til din digitale signatur. Du kan mellom anna bruke den når du skal logge inn i nettbank og ulike offentlege tenester som til dømes Altinn, eller viss du skal signere lånedokument og kjøpsavtaler, trygt og enkelt på nett. BankID må altså ikkje forvekslast som kodebrikka, som vi kjem til litt seinare.

Korleis skaffe seg BankID?
1. Logg inn i Nettbank
2. Vel «Meny»
3. Klikk på «BankID» og følg instruksane

BankID og kodebrikke er altså ikkje det same. Kodebrikka er ei brikke som genererer tilfeldige kodar. Dette skaper ei ekstra sikkerheitsbarriere. Ein bruker altså kodebrikka både når ein skal logge inn i nettbank med BankID, eller når ein skal inn utan BankID.

er i prinsippet det same som vanleg BankID. Forskjellen er at du ikkje skal bruke kodebrikka. I staden vil du få ein liknande mekanisme rett inn på telefonen. Det vert lagt inn ein sikkerheitsmekanisme i SIM-kortet på telefonen din, som gjer at Nettbanken og SIM-kortet kommuniserer. BankID på mobil er altså like trygt som BankID. Det betyr at BankID på mobil ikkje er det same som mobilbank. Mobilbank er ein slags miniversjon av nettbanken, på smarttelefonen din. Dette kjem vi til seinare.

Korleis bestille BankID på mobil? 
1. Logg inn i Nettbank
2. Vel «Meny»
3. Klikk på «BankID på mobil»
4. Ha mobilen klar og følg instruksane på PC-skjermen


Mobilbank
er ein applikasjon du kan laste ned på smarttelefonen din, som gir deg mange av dei viktigaste tenestene som finst i Nettbanken, rett i handa di. Ein kan seie at ein får nettbanken i miniatyrversjon på mobilen. Logg deg inn ved hjelp av ein pinkode, så har du full oversikt over kontoane dine.

Last ned mobilbanken til iphone her
Last ned mobilbank til Android her

Første gong ein loggar seg inn i mobilbank, må ein gjerne trykke seg rundt for å bli kjent. Ein kan nemlig ikkje gjere noko «feil», fordi ein berre får ført pengar mellom eigne kontoar utan kodebrikka eller bankid på mobil. Det er denne avgrensinga som gjer at ein kan logge inn kun ved hjelp av ein pinkode. Dette gjer appen veldig praktisk til mange formål. For eksempel viss du står i butikken med litt for lite pengar på bankkortet. Då kan du kjapt logge inn i mobilbanken og overføre pengar frå, for eksempel, sparekonto, berre med nokre få tastetrykk. Mobilbanken gjer at du kan ha betre kontroll på økonomien din, då du også enkelt kan følgje med på siste transaksjonar, sperre kort raskare og endre regionsperre.

  • Overføre mellom eigne kontoar
  • Sjå siste transaksjonar
  • Sperre kort
  • Endre regionssperra
  • Oversikt på lån
  • Sjå kva fakturaer som går til forfall


Har du kodebrikka, eller BankID på mobil tilgjengeleg?
Då kan du også gjere betalingar og overføringar ut frå konto i mobilbanken, slik som i nettbanken. Grunnen til at ein bør bruke mobilbank i staden for å logge inn i nettbanken på smarttelefonen, er fordi brukargrensesnittet er betre i mobilbanken.

Mobilbank skaffar du deg slik:
1. Logg inn i Nettbank
2. Vel «Meny»
3. Klikk på «Bestill Mobilbank»

Mange går glipp av gode moglegheiter i nettbanken!
Nettbanken gir deg som kunde moglegheita til å vere din eigen banksjef. Her kan ein stort sett ordne alt på banksida på eiga hand, på ein enkel og grei måte! Alt frå å søke om billån til å bestille bankkort og kredittkort, legge opp disponentar eller å gjere overføringar og betalingar til utlandet. Dette er for å gjere banken meir tilgjengeleg for kundane våre, i tillegg til å gjere mange prosessar enklare. Men du er alltid velkommen innom kontora våre for ein hyggeleg prat!

I Nettbanken er moglegheitane endelause, og det aller meste av det du treng finner du under «Meny» når du er innlogga! Les meir om moglegheitane i Nettbanken.