Slik kan du spare 1000 kroner i månaden som student

Korleis kan du som student klare å spare 1000 kr i månaden? Det første spørsmålet eg ville stilt meg sjølv er kvifor du skal spare desse pengane. Det er mykje enklare å setje av pengar viss du har noko konkret å spare til, gjerne i både kortsiktige og meir langsiktige mål. Det er ein grunn til at nyttårsforsett ofte går i vasken. Måla er ofte urealistiske, og dei handlar kanskje meir om forventningar utad enn kva ein faktisk sjølv ønskjer.

Sett deg eit sparemål
Eit sparemål bør derfor vere realistisk i form av at det faktisk må gå an å gjennomføre. Det bør heller ikkje innskrenke livskvaliteten her og no i for stor grad. I dette innlegget vil eg derfor fokusere på område der du som student kan oppnå same nytte til ein lågare kostnad. Det du sparar til bør vere noko DU har lyst på i framtida, uavhengig om det er bil, båt, hus eller pengar til reise du ønskjer å spare til. Ved å setje seg eit sparemål er det lettare å tenke seg om ein ekstra gong før ein drar kortet for å kjøpe noko ein kanskje ikkje trenge. Litt refleksjon før ein kjøper ting har aldri skada. Det er berre å ta ein titt i klesskapet, så finn du nok mange eksempel på ting du kunne klart deg utan.

Korleis kan du spare pengar? 

Når sparemålet er satt, er det på tide å sjå kor ein kan spare pengar, utan at det går ut over studietida. Mange av oss har gode sparetips til studentar, men det er ikkje alltid like lett å gjennomføre i praksis. Eit tips er å sjå på dine faste utgifter som student. For å få oversikt over desse kan det vere hensiktsmessig å setje opp eit budsjett. Under vil eg komme med fleire sparetips for studentar som krev lite arbeid:

1. Matpakka:
Den største utgifta for studentar, med unntak av husleiga, er mat. Mat er nødvendig, men mange studentar har mykje å spare her. Sparetips nr 1 er velkjent, og går sjølvsagt på matpakka! Om du er studenten som dagleg kjøper lunsj i kantina, 4-5 gonger i veka, har du potensielt moglegheiten til å spare ein tusenlapp i månaden berre her. Du treng ikkje å erstatte varmlunsjen med kjedelege brødskiver heller. Eit godt, smakfullt og rimeleg alternativ er å lage ein stor søndagsmiddag der du fordeler restane ut som lunsj for den komande veka.

2. Pensumlitteratur
Det første ein bør gjere ved studiestart er å skaffe seg ein oversikt over kva pensumbøker som trengs, og om ein kan få tak i nokre av desse brukt. Er du heldig kan du skaffe deg det meste av pensumlitteratur til halv pris, og viss du behandlar bøkene bra, er det ofte mogleg å få selt bøkene vidare igjen til neste kull.

3. Tilbod på daglegvarebutikken – løp og kjøp! Eller?
Mange lar seg lokke til å kjøpe berlinerbollen på tilbod til halv pris. Om berlinerbollen inngår i ditt daglege kosthald er det kanskje ikkje så dumt å slå til her. Om det derimot er noko du ikkje tenker på anna enn når tilbodet møter deg i butikken kan du likegodt avstå. Det er alltid noko på tilbod, og pengane fyk fort om ein skal slå til på alt for å «spare».

4. Kollektivtransport
Last ned appen, om det så er flytoget, flybussen eller busstilbodet der du bur. Kjøper du billett i appen kan du i mange byar få 20 % rabatt samanlikna med å kjøpe ved påstigning. Skal du besøke ein tidlegare klassekamerat frå vidaregåande? Studerer du i eit anna fylke enn heimstaden din? Både SAS, Norwegian og Widerøe har ungdomsbillettar for deg under 26 år, som ofte berre kostar halvparten av ordinær billett.

5. Mobil og datamaskin
I takt med digitaliseringa har fleire studiestadar innført krav om eigen datamaskin. I tillegg er smartphonen blitt allemannseige. Mobil og datamaskin er kanskje dei største enkeltinvesteringane du gjer som student, og her er det mykje pengar å spare på litt research. Det kan lønne seg å sjekke prissøkemotorar som prisjakt.no og prisguide.no for å samanlikne prisar. Elektronikk må ofte inn på reparasjon ein eller annan gong, så det er ikkje dumt å forhøyre seg med den lokale leverandøren av elektronikk om dei kan tilby pcen til same pris som på nett.

Ha også i bakhovudet kva bruk du treng pc til. Det er rimeligare å kjøpe ein kraftigare pc til kr 7000 som varer i 4 år, enn å kjøpe to pcar til 4000 per stk som varer 2 år kvar. Kvalitet kostar, og har ofte betre haldbarheit. Ved kjøp av mobil bør ein sjekke om det løner seg å kjøpe mobilen separat og så bruke det rimelegaste mobilabonnementet ved sidan av, eller om 1-kronestilboda frå Netcom og Telenor er rimelegare. Ofte kjem 1-kronestilboda rimelegare ut, men dette kjem an på kor mykje du bruker mobilen og abonnementet ditt.

Kor skal du spare pengane dine?Skjermbilde sparing500

Månadleg sparing
Uansett kva du sparar til kan det vere lurt å opprette ein månadleg spareavtale. Å føre over litt kvar månad kan vere lurt framfor å setje over større summar nokre få gonger i året. Her kan sparekalkulatoren vår vere eit godt verktøy for å finne ut kor mykje pengane veks gjennom nokre år.

Kor du skal spare pengane dine avheng av sparemålet ditt. I banken har vi ulike sparekontoar til fleire ulike formål. Den mest kjente sparekontoen vår er BSU-kontoen som er øyremerkt kjøp av bustad eller nedbetaling av bustadlån. Grunna skattefrådraget på 20% av det du sparer (viss du skattar), samt høgste renta banken har å tilby, er dette kanskje det beste spareproduktet marknaden har å tilby. Om du ikkje har begynt å skatte er bustadsparekontoen som ikkje gir skattefrådrag, men nesten like høg rente eit alternativ.