Unngå ei slunken lommebok i russetida

Russetid

Praten om russetida har allereie spreidd seg i dei vidaregåande skulane, både skulane for yrkesfag og studiespesialisering. Ein del av elevane er godt i gang med å planleggje denne tida. Enkelte har starta jakta på buss eller van, medan andre ikkje har begynt å sjå på russeklede ein gong. Det er veldig varierande kor langt ein har kome i prosessen, men éin ting er likt for alle: Behovet for pengar!

Korleis skaffe kapital?
Enkelte elevar brukar pengar frå eiga lomme, gjerne av sparepengar også. Dette er ikkje noko særleg bra for di eiga økonomiske stilling. Det finst måtar som gjer til at du slepp å putte inn så mykje eigenkapital. På nett finn ein mange forskjellege aktørar som går på det med dugnadsarbeid til skuletur, organisasjonar og ikkje minst russetida. Her er alt frå å selje toalettpapir, klede, kaker og kjeks. Her kan de lett skaffe dykk kapital. Pass på at det er seriøse og skikkelege aktørar de handlar med, slik at de ikkje risikerer å miste dykkar eigne pengar også. Ein annan måte å skaffe kapital er via sponsing og profilering. Ein del bedrifter er villige til å sponse russen dersom dei får plassert logoen sin ein plass på bilen eller bussen.

Unngå kredittkortfella
Er du russ over 18 år? Du har kanskje nettopp fått deg enten MasterCard eller Visa Gold. Helst bør du som ung vaksen unngå å bruke eit kredittkort på enkle varekjøp. Dersom du derimot skal bestille fly og reise til eit landstreff, kan det likevel vere lurt å bruke Visa Gold. Då kan du få gratis reise og avbestillingsforsikring dersom du betaler minst 50% av reisa med kortet. Ved andre alminnelege varekjøp er det lurt å bruke eit vanleg Visa Classic kort. Eit Visa Classic kort verkar nesten akkurat likt som Visa Electron, kortet dei fleste yngre kjenner til.

 

russetid visa literussetid gold literussetid master 250

 

Start tidleg med planlegginga
Fordel utgiftene i månadane fram til mai. Då unngår du å måtte kjøpe alt samtidig å ikkje sitje igjen med noko pengar til sjølve russetida. Dersom du skal ha bil eller buss må de også dele drivstoffsutgiftene, i tillegg kan det vere noko med køyretøyet så må fiksast undervegs. Då er det greitt å ha litt reservepengar på kontoen. Dersom de er veldig flinke å halde dugnadar og får inn litt meir peng enn forventa, kan de bruke det som fellespengar til blant anna drivstoff.

Trygt og økonomisk kjøp av køyretøy
Det er lurt å vere litt observant dersom du er ein av dei som skal ha bil eller buss. Du burde sjekke opp om det vert mykje utgifter med bilen. Dersom den har gått som russebil tidlegare kan det gjerne vere noko som er øydelagt eller ikkje verkar. I ein stor samanheng kan det verte billegare å kjøpe ein bil eller buss som kostar litt meir, dersom du då slepp mange turar til verkstadet. Sjekk gjerne opp i kor mykje bilen eigentleg er verdt. Dei fleste vil ha mest mogleg for bilen for å unngå økonomiske tap sjølv, noko som kan gå ut over kjøparen dersom han eller ho ikkje er klar over kva den er verdt. Det er også viktig at de skaffar dykk ein trygg bil, for å unngå skadar og eventuelle ulykker.

Spar lite og ofte
I russetida vert bankkortet ofte brukt. Enten det er til drivstoff, småting til bilen eller nattmat. Det er lurt å bruke kortet i staden for kontantar i tilfelle du mistar dei. Kontantar kan brukast av kven som helst, medan kortet kan du lett sperre slik at ingen får brukt det. Dersom du ofte dreg kortet i ditt, kan det vere lurt å spare litt kvar gong. Du sparar altså ved å bruke kortet. Dess meir du brukar det, dess meir sparar du. Det er to måtar å spare på og du vel sjølv kva slags sum du vil spare. Du kan velje å trekkje ein fast sum kvar gong du brukar kortet, eller å avrunde kjøpesummen og spare differansen. Du merkar nesten ikkje at du sparar ein gong. Sjølv kan du velje kva slags konto du vil spare på. Tenesta er gratis og kan endrast eller avsluttast når du sjølv ønskjer. Så enkelt at du kan opprette småsparing heilt sjølv i din eigen nettbank.

Tenk økonomisk ved kjøp av klede
Det å samanlikne prisar kan vere gull verdt om du planlegg å kjøpe inn mykje klede. Typiske russesider er ikkje nødvendigvis dei som har billegast klede. Dersom du skal kjøpe ei jakke eller klede som eigentleg ikkje har noko med russetida å gjere, kan det vere lurt å sjekke andre nettstader du elles handlar på. Skal du tenkje endå meir økonomisk kan det vere lurt å handle klede som du kan fortsette å bruke etter at russetida er over. Sjølvsagt kan russebuksa eller russedressen bli lagt på hylla etter den tid, gensarar og jakker derimot er klede du elles kan bruke.