Snakk med barna om pengar og sparing!

Diiingdong! Det ringer på døra. Eg og sambuar ser på kvarandre. Vi ventar ikkje besøk. Leikekameratane til ungane er i seng for lengst. Så då er det sannsynlegvis berre èin moglegheit igjen. Loddseljar! Vi tenkjer febrilsk gjennom moglegheitene våre. Skal vi opne? Skal vi berre stå heilt musestille og håpe på at loddseljar-slæsj-bøssebærar-eller-kva-det-no-er tenker at vi ikkje er heime og går, trass i eit fullt opplyst hus?

Vi endar opp med at den eine opnar, medan den andre leitar gjennom jakkelommer, vesker og til slutt barna sine sparebøsser for å finne nokre kroner. Problemet er ikkje at vi er gjerrige – problemet er at «beklager, vi har dessverre ikkje kontantar i hus!». Ifølgje Finans Norge kan Norge vere kontantfritt innan 5 år, noko som igjen gjer sparebøssa, som vi bankane er så glade i, til ein utryddingstrua art. Og utan sparebøssa og myntar, korleis i all verda kan vi vise ungane prinsippet med sparing?

Som bank er vi naturlegvis opptekne av at barna skal få eit sunt forhold til sparing og økonomi som dei kan ta med seg inn i vaksenlivet. Bankane kan snakke seg grøne om sparing, men det hjelper lite om vi som er foreldre ikkje er med på laget. Til sjuande og sist er det vi som skal oppdra barnet, og våre gode økonomiske haldningar vil fort smitte over på barna.

Det er tid for både oss som bank og deg som forelder å tenke oss om ein gong til!

Visa-kortet – ei utømmeleg magisk kjelde i plast 
Mange av dagens småbarnforeldre har aldri opplevd noko anna enn at ein stort sett har råd til ting ein ønskjer seg. Vi er nærast blitt litt blaserte når det kjem til materielle ting og pengar. Dette er fort å overføre til barna. Ønskjer dei seg ein sykkel, ja, så kjøper vi ein ny sykkel til neste bursdag. Treng dei ny mobiltelefon, så fiksar vi det. Barna treng ofte ikkje gjere noko anna enn å ytre eit ønskje, så handlar vi vaksne.

Gjer vi barna ei bjørneteneste ved å berre gi dei det dei ønskjer seg, i staden for at dei må spare til det sjølv? Skjønar dei verdien av ein sykkel om dei berre er med, vel ut farge og ser mamma eller pappa dra kortet? Eg hugsar sjølv endå gleda ved å ha fullført sparinga og endeleg kunne reise til Førde for å kjøpe den flotte rosa sykkelen med korg på styret. Smakar gleda ved sykkelen like godt om ein ikkje har måtte slite litt for den?

Eg er heilt sikkert ikkje den einaste mammaen som har prøvd å forklare at ting kostar pengar og at vi ikkje kan kjøpe alt vi har lyst på, og fått til svar at «jammen mamma, du kan jo berre bruke kortet ditt!» Visa-kortet; ei utømmeleg magisk kjelde i plast.

Dette ser vi dessverre er ei haldning mange unge tar med seg vidare inn i vaksenlivet. Visste du at ungdom mellom 18-25 år har 1,5 mrd i kredittkort gjeld, og at betalingsanmerknader ofte går i arv?

Unngå at barnet ditt havnar i luksusfella
Her det er viktig å starte tidleg. Fortell barnet på ein enkel måte om inntekt, sparing og pengebruk. Dei minste barna forstår nok ikkje alt, men lærer fort dersom dei kan ta det med seg inn i leiken.

Sjekk ut banken sine tips for å gjere barna bevisst på sunn pengebruk

Dei minste barna:

  • Leik butikk! Finn eit utval «varer» og set ulike prisar på. Bruk småstein eller perler til myntar.
  • Forklar med enkle ord at for å få pengar må ein ha ei inntekt, at pengane du tener blir sett i banken, og at når dei vaksne brukar kortet, brukar ein av dei pengane. Fortell også om andre ting som kostar pengar, som strøm, bustad, drivstoff osv.
  • Får barnet laurdagsgodt? Gi barnet nokre kroner, eventuelt ein viss sum dei har lov å kjøpe for og la dei rekne saman kva dei har råd til sjølve. Dei minste må sjølvsagt ha hjelp til å rekne og lese prisar, etter kvart kan dei klare seg betre på eigenhand.

Dei større barna:

  • Gi barnet eit sparemål. Sparer du halvparten til mobilen sjølv, så betaler vi resten.
  • Gi vekepengar slik at barnet har høve til å spare sjølv. Har du ikkje kontantar, så la dei vere med deg når du er i nettbanken, og sjå at du overfører pengar til sparekontoen.
  • Ved å gi barna oppgåver som dei skal gjere heime og gi dei vekeløn for dette, lærer barnet seg prinsippet med inntekt.
  • Spel Monopol! Her er mykje god trening i pengebruk.
  • Når barnet fyller 8 år, kan de vurdere å gi dei eit eige Visa-kort. Barnet disponerer då ein viss sum pengar per veke, noko som gir dei verdifull praktisk trening i enkel økonomi innanfor trygge rammer.