Hybelbuar og god økonomi, begge deler er fullt mogleg!

Skal du flytte på hybel i næraste framtid? Eller har du nyleg flytta inn? Dersom du har flytta ut frå foreldra sitt hus og skulen din er minst fire mil frå dei kvar veg, har du rett på bortebuarstipend i vidaregåande opplæring. Dette stipendet vil dekkje grunnleggjande behov som mat, husleige og andre essensielle ting. Ei god fordeling av pengane og lure val er nøkkelen til ein betre studentøkonomi. Her er nokre tips for deg som ønskjer ein betre økonomisk kvardag.

1. Sett opp budsjett – fordel pengane fornuftig
Å setje opp budsjett kan høyrast veldig kjedeleg ut, i alle fall for yngre studentar. Det er jo noko dei fleste knyt til matematikk, skule, og ikkje minst heimelekse. Derimot er ikkje dette noko du skal gjere for skulen eller læraren. Dette er noko som kan hjelpe deg til å få ein betre økonomi. Dette vil hjelpe deg som ungdom til å kunne spare pengar og fordele det du har på ein fornuftig måte. Å ha litt ekstra pengar på kontoen vil eg tru ungdommar flest likar. Ved å ha eit godt budsjett kan du altså etter kvart kanskje få råd til noko du verkeleg har lyst på, i staden for å kjøpe mykje unødvendige småting.

Eit budsjett er lett å setje opp i Excel. Dette er eit program som ofte vert brukt på ungdomsskular og vidaregåande skular. Så dei fleste ungdommar har gjerne vore innom programmet før, sett opp budsjett og ulike tabellar. Budsjettet du set opp bør ha med kva du er villig til å bruke på diverse bruksområder som mat, husleige, klede og liknande. Dersom du sit att med ein differanse og har fleire kroner å fordele, så kan du ha eit punkt for sparing. Etter at månaden er over kan du føre inn i skjemaet kva pengane faktisk har gått til. Kanskje du må endre litt i budsjettet dersom du til dømes ser at bruker meir pengar på mat enn klede. Dersom du klarer å setje opp eit bra budsjett og i tillegg spare litt, er du på god vei til ein god privatøkonomi!

2. Shopping – del og bytt klede med vener i staden 
Er du av studentane som likar å shoppe? Du er gjerne oppteken av å ha klede som er trendy og som gjerne er nytt. Dette går fortsatt an sjølv om ein har flytta på hybel og har meir ansvar for eigen økonomi. Mange studentar flyttar gjerne saman med andre vener på hybel. Dette kan vere ein god moglegheit til å dele klede med kvarandre, så lenge dykk hugsar å gje klesplagga tilbake til den rette eigaren. Bytt gjerne litt klede med vener på skulen også, det er nok fleire som er interesserte i å bytte med deg. Andre måtar er kjøp og sal sider på Facebook, det blir ofte lagt ut klede som er veldig lite brukte eller heilt ubrukte, og du kan spare litt på det i staden for å handle alt i butikkane. Sjølv kan du jo selje litt klede som du ikkje vil bruke meir, då får du litt igjen for kjøpa dine også.

3. Lag handleliste – planlegg vekedagane
Når ein skal handle mat er det lettast å berre kjøpe med seg noko når skulen er slutt. Over lengre tid vil dette vise seg å vere lite økonomisk lurt. Så det første tipset er derfor å lage ei handleliste. Det kan vere lurt å tenkje ut kva du og resten av husstanden skal ha til middag kvar dag. Dersom du bur saman med fleire kan dykk handle saman ein gong i veka. God planlegging kan du spare mykje på! Når dykk handlar er det lurt å kike litt på kiloprisen på produktet. Det er lettare å sjå forskjellane der enn på prisen per pakke. Desse forskjellane kan også utgjer ein stor del dersom dette er eit produkt du kjøper ofte. Utanom middag kan det også vere lurt å smøre eiga nistepakke. Dersom du kjøper lunsj i kantina kvar dag kan det bli mykje pengar til slutt som du heller kunne brukt på noko du ønskjer deg meir enn lunsj.

4. Sparing – bruk pengane på noko du verkeleg ønskjer degimage8
Det å spare og å vere student kan høyrast ut som ei stor utfordring. Dersom du sparar ei krone her og ei krone der, så kan det til slutt bli litt pengar. Med småsparing sparar du enkelt ved kvar du bruker kortet ditt. Dette skjer automatisk om du bestiller småsparing i din nettbank. Mange ungdommar brukar kortet fleire gonger om dagen, så det kan bli litt pengar på kontoen visst du brukar dette produktet. Du kan enten velje å spare eit fast beløp eller runde opp kjøpesummen og spare differansen når du brukar kortet. Du vel heilt sjølv kva slags konto du vil spare på og når du vil slutte å spare. Småsparing kan lett opprettast i nettbanken og er heilt gratis!

Får du inn litt meir pengar i månaden, kanskje gjennom ein deltidsjobb? Då vil du kanskje spare litt ekstra enn det småsparing har å tilby. Då kan du ha ein fast overføring i månaden der du fører over til sparekontoen. Eventuelt kan du føre over til ein reservekonto i tilfelle du treng litt ekstra pengar i månaden, dette kan gjerne vere ein vanleg brukskonto dersom du er under 18 år. Ved fast overføring kan du spare eit visst beløp til dømes ein gong i månaden. Du bestemmer sjølv beløpet og når det skal ligge til forfall. Ein lur ide er å ha overføringa den dagen lønna eller eventuelt stipendet kjem inn på kontoen. Dette gjer til at du nesten ikkje merkar at du sparar pengar. Plassen du merkar det mest er kontoen du overfører til!

Følgjer du nokre av desse tipsa, eller alle, er du på god veg til å få ein betre privatøkonomi. Vi ønskjer dykk lykke til med å stå på eigne bein og håpar dykk tek gode økonomiske val framover.