Desse forsikringane bør du ha som student

I mengda av ulike forsikringar er det fort å miste oversikta eller bli feilforsikra, og som student kan det vere lett å skylde på eit stramt budsjett og dermed nedprioritere forsikring. Men uhellet skjer ofte når ein minst ventar det, og det kan fort bli mykje dyrare enn det beløpet du betaler i forsikring. Dersom ein vel å ikkje ha forsikring, vel ein også å ta all risikoen sjølv. Ved brann, tjuveri, vannskade eller andre uhell, risikerer du som student å tape alt i staden for å ha krav på forsikringsdekning. Her gir vi deg derfor tips til dei viktigaste forsikringane du som student bør ha.

UføreforsikringFrende
Talet på arbeidsuføre under 30 år har stige med 50% dei siste 5 åra. Dei aller fleste av desse får ein sjukdom som gjer at ein ikkje klarer å jobbe eller studere. Ein student som ikkje har jobb tener ikkje opp pensjonspoeng og vil så og sei bli minstepensjonist for resten av livet som i dag er 185 152 kroner (2xG) frå NAV. (G=grunnbeløpet i folketrygden=kr 92 576)

Dette er ikkje mykje å leve av og i alle fall lite om ein ønskjer å etablere seg med bustad, reise på ferie eller oppretthalde fritidsaktivitetar saman med venner. Mange vil meine at uføreforsikring er den viktigaste forsikringa ein ungdom bør ha.

Ei uføreforsikring dekker framtidig tap av arbeidsinntekt som gir ei utbetaling i tillegg til NAV. Kor stor denne utbetalinga skal  vere kan ein velje sjølv, men banken eller forsikringsselskapet kan hjelpe med forslag.

Ulykkesforsikring
Ulykkesforsikring er ei rimeleg forsikring som det er greitt å ha som student. Denne gir ei erstatning for tap av livskvalitet, kalla medisinsk invaliditet, og dekker evt. behandlingsutgifter etter ei ulykke. Likevel er det viktig å poengtere at denne ikkje skal erstatte uføreforsikringen då dei aller fleste arbeidsuføre vert det på grunn av sjukdom.

Reiseforsikring- dekker meir enn ferie
Dei aller fleste treng ei reiseforsikring. Her bør du gå  for ei heilårs reiseforsikring og droppe reiseforsikringane som fly- eller reiseselskap tilbyr, då dei berre gjeld for den eine turen og er relativt dyre. Med ei heilårs forsikring er du dekka sjølv om du berre er ute av bustaden ei lita stund- på veg til butikken eller om du vert fråstolen lommeboka på bytur eller på bussen heim til mamma.

Visste du at om du vert alvorleg sjuk i utlandet og ikkje kan flyttast frå sjukesenga, kan reiseforsikringa dekke tur og opphald for næraste familie for å vere saman med deg.

Innbuforsikring
Ei innbuforsikring dekker dei private gjenstandene dine ved tjuveri eller skade i leilegheita – for eksempel ved brann eller vannlekkasje. Aller først bør du sjekke om du er dekka av foreldra dine si innbuforsikring. Så lenge du er folkeregistrert på adressa til foreldra dine, kan du vere dekka av denne. Mange av forsikringsselskapa har avgrensingar på kor lenge ein kan bu heimefrå og samtidig nytte forsikringa til foreldra, så dette er noko ein bør sjekke opp i på førehand.

Sjølv om du kanskje tenker at du som student ikkje har så mykje innbu av verdi, kan det bli tøft å erstatte fråstolne ting med låg eller ingen inntekt. Det kan difor vere lurt å teikne eiga innbuforsikring dersom du ikkje er dekka av foreldra dine.

Livsforsikring og dødsrisikoforsikring
Når du er student treng du som regel ikkje livsforsikring, så lenge du ikkje forsørger andre. Har du derimot tatt opp lån utanom studielånet som andre har kausjonert for eller er samskuldnar på eit lån, bør du vurdere å teikne dødsrisikoforsikring. Då fritek du kausjonisten eller samskuldnaren for ansvaret med å  betale tilbake ved dødsfall.

Ingen er like, så ta kontakt med din kunderådgjevar for å finne kva forsikringsløysing som passar DEG!