Gründerjakta 2016 er i gang!

logo840x200

Veit du om nokon som fortener tittelen «Årets Gründer» og ein premie på 100 000 kroner? Meld dei (eller deg sjølv) på innan 12. september, då vel!

4. november skal «Årets Gründer 2016» kårast i Sogn og Fjordane. Det er femte gong prisen blir delt ut og vinnaren får med seg 100 000 kroner til nyskapinga si. Utdelinga skjer under Temposeminaret i Florø, og er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge og sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Fjorårets utdeling der Oscar Haugen og GRS Riflestocks gjekk heilt til topps.

Fjorårets utdeling der Oscar Haugen og GRS Riflestocks gjekk heilt til topps.

– Målet med prisen er å stimulere til innovasjon og nytenking i Sogn og Fjordane. Mange bransjar er inne i tøffe tider og må tenke nytt, og det kan jo hende at dette viser igjen i søknadane i år, seier Hjørdis Vik, avdelingsleiar i Innovasjon Norge Sogn og Fjordane.

Fram til søknadsfristen kan alle som vil nominere aktuelle kandidatar.

– Vi ønskjer oss mest mogleg i breidde i søkarmassen, ikkje berre ferdigutvikla bedrifter. Gode idear fortener merksemd, og vi ønskjer å vere med å gi dei ei hjelpande hand vidare i arbeidet deira, seier Pål Fidjestøl, kultursjef i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Etter søknadsfristen vil juryen plukke ut fem finalistar, som alle vert presentert på Framtidsfylket sine nettsider den 14. oktober. Publikum vert deretter invitert til å stemme fram sin favoritt, før vinnaren vert kåra på Temposeminaret i Florø 4. november.

Dei fire tidlegare vinnarane er Highsoft (2012), Melin Medical (2013), Intempo (2014) og GRS Riflestocks (2015).

Juryen består av: Hjørdis Vik, avdelingsleiar hos Innovasjon Norge Sogn og Fjordane, Trond Teigene, adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane og Sindre Kvalheim, dagleg leiar LocalHost.

Vilkår for å delta i konkurransen:

  • Vere utvikla av personar frå Sogn og Fjordane og/eller utvikla (heilt eller delvis) i fylket.
  • Ta utgangspunkt i ein konkret  teneste- eller produktidé, som er kome så langt i utviklinga at kommersialisering er komen i gang. Det vil seie; kan vise til inntekter.
  • Vere berekraftig og ikkje skape negative følgjer for miljøet.
  • Ideen/prosjektet si evne og vilje til å skape aktivitet, omsetnad og arbeidsplassar i fylket vil dessutan kunne slå ut positivt uti kåringa.
  • Verksemda må vere stifta for mindre enn 5 år sidan, ev. må forretningsideen vere utvikla for mindre enn 5 år sidan.

Frist for å sende inn forslag på kandidatar er MÅNDAG 12. SEPTEMBER.
Send dine forslag til post@sparebankstiftinga.no

Spørsmål? Ta kontakt med Pål Fidjestøl:  911 58 009