MIniputtscoringar skaper fotballglede i Vietnam

7. juli 2016 –  Inger Marie Lien

Miniputt-turneringane samlar kvart år over 500 miniputtlag og 4000 miniputtar frå heile fylket til fotballglede, meistring og trivsel. Kvar turneringsdag har ulike fokusområde, og den 28. august håpar Hildegunn Hove i Fotballkretsen at miniputtane verkeleg har futt i beina, då blir det nemleg betalt 1 krone pr. mål som går rett inn i prosjektet Barn hjelper barn.

– Barn hjelper barn er eit bistandsprosjekt der klubbane kan vere med å samle inn pengar til barn i Vietnam, slik at dei kan få spele fotball på trygge baner og gå på stiar og vegar som er frie for miner. Store område er framleis sterkt minelagt etter Vietnamkrigen, så det er viktig at barna får opplæring om kvar dei kan bevege seg trygt, fortel Hildegunn Hove, aktivitet- og arrangementsansvarleg i NFF Sogn og Fjordane.

Fleire fullfører grunnskulen
I prosjektet samarbeider NFF Sogn og Fjordane med Football for All in Vietnam, NFF og Norsk Folkehjelp, og følgjer ein fotballklubb i Hong Tien i Vietnam som dei samlar inn pengar til.

– Klubben har åtte lag i alderen 6-11 år, der halvparten faktisk er jenter, noko vi er veldig stolte over. Støtta klubben får gjer at barna får dekka medlemskontingenten, og dermed får moglegheit til å gå på skule og spele fotball 2-3 gonger i veka. Eitt av krava for å vere med på fotballen, er at dei møter på skulen, noko som har ført til at det nesten ikkje er «drop out», og dei fleste ungane fullfører grunnskulen, seier Hove.

Små tiltak kan bli noko stort
Utgangspunktet i fokusområdet Barn hjelper barn er å vise miniputtane at dei gjennom små tiltak kan vere med å gjere ein skilnad for barn som ikkje har det så godt som dei sjølve.

– Det er ikkje størrelsen på bidraga det kjem an på, for oss er det viktig å få barna engasjerte og lære dei å bry seg. Tiltaka kan vere alt frå kakebaking, flaskeinnsamling, loddsal eller kva anna ein måtte kome på. Det er berre fantasien som set grenser, fortel ho.

Fokusområdet blei lagt til miniputt-turneringane i 2011, og Hove fortel at dei sidan då har samla inn over 150 000 kroner. Og på sjølve turneringsdagen den 28. august kan det bokstavleg talt lønne seg å få ballen i mål.

– Fire av våre samarbeidspartnarar betaler 1 krone kvar pr. mål i samtlege 8 turneringar denne dagen, så då håpar eg verkeleg at miniputtane trøkker til og scorer mål i fleng, seier Hove. Premiar gutar EIL

Lærer miniputtane viktige verdiar
Hove fortel at det er viktig for NFF Sogn og Fjordane å vere ein samfunnsaktør for barn og unge, og at miniputt-turneringane skal vere ein arena for å formidle gode verdiar. Dei andre fokusområda på dei andre turneringsdagane er frukt og grønt, fair play og trafikktryggleik.

– Fair Play er viktig i alle våre turneringar, men vi løftar det ekstra fram på turneringa i mai. På hausten når det er begynt å bli mørkare ute set vi fokus på trafikksikkerheit, og deler blant anna ut refleksar, har ulike konkurransar og snakkar om korleis laget har ein trygg transport til og frå trening.