Juni leverer i år!

Knallvêr dag etter dag, lyst heile døgnet og både feriepengar og skattepengar inn på konto rett etter kvarandre. Det kan nesten bli i meste laget for ein sindig vestlending! 

Vi bør nyte dette «Kinderegget», og få det til å vare lengst mogeleg. Vêret styrer vi ikkje, så der må vi berre håpe på at sommaren er komen for å bli. Men ferie- og skattepengane som lyser mot oss som disponibelt beløp på kontoen vår, kan vi verkeleg få mykje ut av.

Rydde først – handle etterpå
Postkassen og nettet er fulle av gode tilbod i desse dagar, for det er mange som vil ha tak i pengane våre. Då gjeld det å halde hovudet kaldt og vente litt med innkjøp.  Du bør dykke litt ned i privatøkonomien din først, og gjerne betale litt ned på kredittgjeld og dyre forbrukslån.

Pengar til mørkare tider
Vi kjem ikkje utanom temaet sparing, når vi har fått litt ekstra å rutte med. Litt stusseleg å planlegge trangare tider, men det er så godt å ha ein ekstra buffer å ta av, om t.d. kjøleskapet og vaskemaskina ryk på same tid.

Du kan enkelt opne ein ny sparekonto og starte sparinga på få minutt i nettbanken med bankID. Kombiner gjerne vanleg banksparing med spareavtale i aksjefond, om du vil spare meir langsiktig.

Student?
Som student har du kanskje verken vaskemaskin eller huslån å bekymre deg for, men trang økonomi veit du nok alt om likevel. Ferie- og skattepengane er derfor ein fin moglegheit til å fylle på BSU-kontoen, og kanskje legge av litt pengar til hausten igjen, så du kan redusere tal nuddelmiddagar og heller kjøpe deg skikkeleg middag i studentkantina når du er tilbake på campus.

Unn deg noko ekstra
Etter litt rydding i økonomien og gjerne pengar spart, er det berre å nyte ferien og vere litt raus med deg sjølv og dine næraste.

Ha ein riktig god sommar – der du er!