Pussar opp bankløkker for 600 000

Sidan den første fylkesbankløkka blei bygd tidleg på 90-talet, har Sparebanken Sogn og Fjordane gitt støtte til bygging av heile 120 slike baner. Desse har vore veldig mykje brukte og tida er derfor moden for rehabilitering for mange av dei.

– Det er kjekt å sjå at banene er så godt brukte. Då veit vi at investeringa vi gjorde var god og at dette faktisk fungerer som eit lågterskeltilbod for å få med flest mogleg, lengst mogleg. Vi meiner det er viktig at vi no følgjer opp med nødvendig rehabilitering av løkkene som vi støtta bygginga av for over 20 år sidan, seier banksjef Alexander E. Dvergsdal.

Han er derfor svært glad for å kunne overrekke gåva på 600 000 kroner fordelt over tre år til Sogn og Fjordane idrettskrins som skal gå til rehabilitering av ca. halvparten av fylkesbankløkkene, og mange av fylkets sandvolleyballbaner.
– Sogn og Fjordane det er fylket med størst tettleik av slike ballbinger i forhold til innbyggjartalet, og det er knapt nokon av desse som ikkje har fått støtte frå oss, seier Dvergsdal.

Fylkeskommunen har i samarbeid med kommunane kartlagt tilstanden på alle bingar og sandbaner i fylket og koordiner informasjon og rehabilitering av dette.

Atle Skrede i fylkeskommunen påpeikar at samarbeidet har vore heilt avgjerande for prosjektet.
– Denne gåvesjekken hadde aldri blitt realisert utan det gode samarbeidet mellom fotballkrinsen, volleyballkrinsen, kommunane, fylkeskommunen og sparebankstiftinga, seier han.

Må søke om tippemidlar
Skrede forklarer korleis ein går fram for å få støtta:
– Dei som eig bankløkkene søker om tippemidlar på vanleg måte. Når tippemidlane er i boks, går utbetalinga av gåva på 10 000 kroner frå banken automatisk. Vi ordnar alt det praktiske rundt dette, seier Skrede.

Han oppmodar om å ikkje vente for lenge med å søke.
– 2017 er siste året det er mogleg å søke støtte på den ordninga som ligg inne no. Søker ein seinare, blir det blir det ein annan pris og ei anna ordning, seier han.

Eigenorganisert aktivitet
Anne Leversund, dagleg leiar i Sogn og Fjordane idrettskrins, gler seg til å betale ut støtte til banene rundt om i fylket.
– Vi er opptekne av å skape mest mulig aktivitet. For oss er det viktig at desse banene blir brukt til eigenorganisert trening, noko som også er ein flott måte å integrere andre kulturar på, seier Leversund.

– Det ligg i føringane at det ikkje skal drivast organiserte treningar eller kampar på desse banene, men vi har stor tru på dette vil vere ein god rekrutteringsarena til meir organisert idrett seinare, seier Skrede.