Eventyrleg sesong for furorevinnar

– Eg er utruleg takknemleg for at eg fekk stipendet! Det gjorde at eg kunne bruke litt meir pengar på satsinga og blant anna reise på ei ekstra samling, noko som var veldig bra for meg.

 

Furorestipendet

  • Unge talent mellom 15 og 30 år innan kultur, idrett og open klasse kan søke
  • Ein total pott på 350 000 kroner skal fordelast ut til ulike vinnarar
  • Thea Hjelmeland, Johannes Thingnes Bø, Iselin Solheim, Anders Fannemel, Tarjei Bø og Marius Vedvik er alle eksempel på tidlegare vinnarar av stipendet.
  • Søknadsskjema finn du på sparebankstiftinga.no
  • Søknadsfrist 15. juni

Det seier langrennsløparen Jon Rolf Skamo Hope som i fjor haust var ein av sju furorevinnarar i 2015 som fekk stipendet på 50 000 kroner frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Den unge hyaren ser no tilbake på ein god sesong der han har fått utvikle seg mykje.

– Sesongen 2015/2016 har vore minnerik, eg har opplevd mykje og nådd resultat eg berre drøymde om før sesongen. Eg blei tatt ut til Junior VM i Romania, noko som er ganske uvanleg som 18- åring. Eg var dessverre sjuk under VM, men ser positivt tilbake på at eg fekk vere med. 18. plass i Jr. VM er ei god erfaring å ha med seg vidare, og gjer meg berre meir motivert til å prestere endå betre seinare, fortel Skamo.

Sikra plass på juniorlandslaget
Skamo deltok også i NM, der det blei medalje på sprinten. Og i Norgescupen tok han 1. og 2. plass, som er viktige enkeltrenn på landsbasis.

Jon Rolf Skamo og banksjef Odd Kjetil Tonning ved overrekinga av Furorestipendet i fjor. Foto: Aadne Gloppestad.

Jon Rolf Skamo og banksjef Odd Kjetil Tonning ved overrekinga av Furorestipendet i fjor. Foto: Aadne Gloppestad.

– Desse resultata førte til at eg kom inn på juniorlandslaget til Norges skiforbund som er ein 2-årig plass, der berre dei beste 19- og 20-åringane får moglegheit til å vere med. Dette er ein veldig flott moglegheit for meg på vegen mot målet og draumen. Og ikkje minst er det ekstra stas å kome inn på eit landslag der du får oppfølging og du blir lagt merke til, seier han.

–Derfor er eg takksam for at eg fekk stipendet, og eg trur det var ein av faktorane for at sesongen gjekk så bra som den gjorde, trass litt sjukdom på slutten, seier 18-åringen.

Trenar med seniorar for å bli best
Skamo er tydeleg på at plassen på juniorlandslaget ikkje betyr at han no kan ligge på latsida. Han jobbar hardt mot nye mål og nye draumar. Neste mål er junior VM i USA i 2017.

– Eg skal trene godt og mykje for å klare å kome meg til neste junior VM. Og så er scandic cup ein stor motivator. Der skal eg gå mot seniorar, så då får eg prøve og føle på nivået deira. Om ein skal bli best må ein trene med dei som er endå betre enn deg sjølv. Ellers håpar eg å bite godt ifrå meg i Norge, både på NM og norgescupen. Dette blir ein spennande sesong!