Den store Brasilreisa

 

Med eit reisegåvekort frå Sparebanken Sogn og Fjordane på 50 000 kroner i lomma, sette ekteparet Tore Fossøy og Jaideth Pinto Do Nascimento kursen mot Brasil. Det blei deira beste oppleving nokon sinne, trass i at ikkje alt gjekk heilt etter planen.

– Vi har hatt det heilt fenomenalt, vi har sett så mykje flott og ete så mykje god mat. Det er nesten heilt ubeskriveleg, seier ein ivrig Fossøy. Det har gått nokre veker sidan han kom heim til Årdal, men turen til Brasil vil han meir enn gjerne snakke om.

– Kona mi er frå Brasil, så vi har begge vore der før men mest i heimbyen hennar, Natal. Ho har aldri hatt moglegheit til å reise noko særleg rundt i Brasil då ho budde der, sidan ho brukte mykje tid på studier og jobb. Med ein slik premie fekk vi no sjansen til å sjå mykje meir av landet, og det var veldig spennande, seier Fossøy.

 

sukkertoppen-400Overraska vinnar
Fossøy vann reisesjekken etter at han melde seg på konkurransen i 2014 då Sparebanken Sogn og Fjordane gjekk inn som eigarbank i Frende Forsikring. 

– Eg hadde jo gløymt heile konkurransen heilt til dei ringde frå banken. Først tenkte eg at dei sikkert ville selje meg noko, men så blei eg invitert inn på eit møte. Eg lurte på kva gale eg no hadde gjort, men då eg kom inn i banken og møtte rådgjevaren min Johanne så var ho eit einaste stort smil. Og så kom ho med sjekken, og då blei eg veldig overraska og glad, seier Fossøy.

Den opphavlege premien var ei reise til Sør-Afrika, men på grunn av utbrotet av Ebola, blei premien omgjort til eit valfritt reisemål. Då destinasjonen var bestemt, blei turen planlagd i lag med reisebyrået og Tore og Jaideth fekk kome med sine ønskjer.

Mange inntrykk
Kona mi har studert brasiliansk religionshistorie, så med denne reisa fekk ho sjå mykje av det ho har studert. Vi har vore i Rio de Janeiro, på Sukkertoppen, vi har sett fossefallet Iguaza Falls, sett Kristusstatuen, og så ein god del museum, seier Fossøy.

Utsikt frå Sukkertoppen

Utsikt frå Sukkertoppen

– I tillegg fekk vi eit vennepar av oss til å vise oss litt rundt, då fekk vi også sett litt utanom dei vanlege turistområda. Blant anna var vi opp i favelaen, fortel Tore.

– Eine kvelden reiste vi over grensa til Argentina for å smake på det berømte kjøtet der. Den middagen altså, den kjem eg til å hugse lenge. Det smakte himmelsk. Og stemninga der med tangodansarar og musikarar på scena, heile opplegget var berre heilt fantastisk, seier Tore.

Måtte avbryte turen
Sjølve hovudreisa skulle vare i to veker, og deretter hadde paret planlagt å vere igjen nokre veker i Natal hos familien til Jaideth. Men dei siste dagane på rundreisa fekk Tore problem med nakken som blei vondare og vondare.

– Smertene var så ille at eg blei heilt hjelpeslaus. Eg måtte til lege i Brasil som sendte meg vidare til ein nakkespesialist. Han forklarte veldig godt kva som var problemet, og eg følte meg veldig trygg. Han konkluderte med at eg var så dårleg og stiv i nakken at eg måtte reise heim tidlegare enn planlagt. Og gjennom heile prosessen fekk eg tett oppfølging av Frende.

Tore og Jaideth reiste til Argentina og fekk servert ein middag dei seint gløymer.

Tore og Jaideth reiste til Argentina og fekk servert ein middag dei seint gløymer.

– Eg fekk vere med på heile reisa slik vi planla den, det var berre den biten på slutten der vi skulle vere igjen hos familien eg måtte droppe. Eg er likevel kjempefornøgd med turen vi hadde, alt vi fekk sjå og ikkje minst oppfølginga frå Frende då eg verkeleg trengte hjelp, seier Tore som no ventar på å få nakkeoperasjon her i Norge.