Hoppande glade for støtte til aktiv læring

 

Kan ein lære matte, samfunnsfag, norsk og engelsk ute i skulegarden gjennom fysisk aktivitet? Ja, meiner forskningsprosjektet ASK, som no får 200 000 kroner i gåve frå Sparebanken Sogn og Fjordane til vidareutvikling.

ASK står for Active Smarter Kids og er eit utviklings- og forskningsprosjekt ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Ideen er å bruke meir fysisk aktivitet som metode i undervisninga for å gi betre læring, auka trivsel og betre folkehelse.

Og på Vassenden skule ser det ut til å falle i smak. Elevane i 6. og 8. klasse spring fram og tilbake, samlar svar, hoppar tau, samlar nye svar.  6. klassingane har samfunnsfag på timeplanen, medan 8. klasse held på med matteoppgåver litt bortanfor. Det er høg aktivitet og mange smil. Skulen er ein av omkring 60 skular i fylket som deltek i prosjektet, men er einaste skulen endå som har gått inn med alle klassetrinna, inkludert ungdomsskulen.

Karina Farsund Aalhus lærer matte med ASK-prosjektet.

Karina Farsund Aalhus lærer matte med ASK-prosjektet.

Karina Farsund Aalhus går i 8.klasse og syns ASK-prosjektet er ein god måte å lære på.
– Faga blir kjekkare, og det er godt å vere i aktivitet. Vi merkar at vi lærer meir når vi repeterer på denne måten, seier ho.

Utfordra banksjefen
Denne veka hadde koordinator for prosjektet, Geir Kåre Resaland, med seg banksjef Alexander E. Dvergsdal på besøk til skulen som fekk kjenne på kroppen kva prosjektet går ut på.
– Eg fekk opp pulsen min, så dette var kjekt! Å vere med å støtte folkehelse og aktivitet blant barn og unge, er veldig viktig for oss. Når dette i tillegg er kopla opp mot læring, er vi stolte over å kunne gi ei slik gåve, seier Dvergsdal. Sjå video nedst i saka!

Geir Kåre Resaland rosar skulen for arbeidet dei har gjort i prosjektet.
– Det er veldig kjekt å sjå at dei går all in på dette, og faktisk tar med ungdomsskuletrinna også. Dei ser verdien av prosjektet og har verkeleg fått med både lærarar og elevar på dette. Vassenden er ein føregangsskule i dette prosjektet, seier han.

Alexander Dvergsdal og Geir Resaland meiner fysisk akvitet blant barn og unge er viktig i undervisninga.

Alexander Dvergsdal og Geir Resaland meiner fysisk akvitet blant barn og unge er viktig i undervisninga.

Går ut nasjonalt
Resaland fortel at prosjektet ønskjer å bygge opp eit nasjonalt kompetansesenter.
– I Sogn og Fjordane driv vi skulane godt, og vi har eit stort fortrinn her. Vi bør ta ein status innan utdanning deretter. Prosjektet har bygd opp ein nettstad som skal fungere som idèbase for fysisk aktivitet i skulen og dermed nå langt utanfor fylket også, seier Resaland.

Rektor Anne Cecilie Kapstad har sett store endringar blant elevane.
– Vi har testa prosjektet i eitt år no på heile skulen, og bruker det alle dagane når elevane ikkje har kroppsøving. Vi ser at dei elevane som bevegde seg minst frå før, er dei som har hatt størst framgang, seier Kapstad.

– For oss er det viktig at elevane har det kjekt når dei er på skulen. Den nye teorien får elevane i klasserommet, men når vi skal repetere og øve i faget bruker vi ASK ute med ulike oppgåver, forklarer ho.