Kva bør du gjere med konfirmasjonspengane?

Mai er tida for konfirmasjon, og mange får store pengegåver denne dagen. Dersom du er litt usikker på kva du skal gjere med pengane, kan tipsa nedanfor kanskje vere til hjelp.

Set dei inn på Bustadsparekonto 
I tenåra er kanskje dette med huskjøp litt fjernt, men det å spare til bustad kan vere ein god måte å få gode sparevanar som ein tek med seg vidare i livet. Og ikkje minst stiller ein sterkare for å kome seg inn på bustadmarknaden og for å imøtekome bankane sitt krav til eigenkapital den dagen ein skal kjøpe si første leilegheit. Mange tilrår å spare i BSU på grunn av skattefordelen, men for å få dette frådraget må ein ha ei skattbar inntekt, og det er det kanskje ikkje alle femtenåringar som har. Derfor kan det vere betre å sette pengane på ein Bustadsparekonto. Den har høgare rente enn vanleg sparekonto, og den kan opprettast heilt frå barndommen av. Seinare når du får skattbar inntekt, kan du gebyrfritt overføre pengane til vanleg BSU-konto slik at du får skattefordelen.

Spar dei til noko konkret seinare i livet
Opprett ein ny sparekonto for eit konkret sparemål. Kanskje du vil spare pengane til førarkortet? Kanskje du planlegg å reise på utveksling på vidaregåande eller når du blir student? Kanskje vil du bruke dei til å finansiere eit år på folkehøgskule etter vidaregåande? Prøv vår sparekalkulator og sjå kor mykje du må spare i månaden for å oppnå måla dine.

Begynn med fondssparing
Med den låge renta som er no, er det mange som meiner at vanleg banksparing er eit tapsprosjekt og at ein får lite igjen for pengane. Over tid kan fondssparing gi høgare avkastning enn vanleg banksparing, men det inneber meir risiko. Om du ønskjer å spare i fond bør du derfor vurdere kor lenge du har tenkt å spare, og kva forhold du har til risiko.
Har du spørsmål om fondssparing, ta gjerne kontakt med oss med det du lurer på.

Bruk dei!
Det er ikkje slik at ein må spare heile beløpet ein får til konfirmasjonen. Kva med å bruke litt av det på noko du kan ha glede av lenge? Held du på med ein dyr idrett eller hobby kan pengane du får til konfirmasjonen vere ein fin moglegheit til å kjøpe utstyr du elles ikkje ville hatt råd til. Eller kanskje du er glad i å reise? Då kan pengane gå til nye opplevingar og oppdagingar.

Gi dei til gode formål eller frivillige organisasjonar
Mange føler at dei har alt, og vel så det. Sjølv om det er ting du har lyst på, er det kanskje ikkje noko du eigentleg treng, sett i forhold til andre land og kulturar. Om du har lyst å gi vekk heile eller deler av beløpet, kan du sjekke ut denne lista over frivillige organisasjonar som er godkjent av Innsamlingskontrollen.