10 tips for ein betre studentøkonomi

Studietida er for dei fleste ei spennande tid fylt med både arbeid og sosial moro. Men studietida kan også by på tøffe utfordringar, og då særleg økonomisk. Støtta frå Lånekassen held ikkje lenge om ikkje ein set seg ned og gjer nødvendige prioriteringar. Vi som jobbar på studentsenteret i banken har derfor laga ei liste med 10 nyttige sparetips som vi har lyst å dele med deg:

1. Lag budsjett
Å danne seg ei oversikt over kva du har av inntekter og utgifter i månaden, er heilt essensielt for å få orden på økonomien. Set opp det du har i faste utgifter, kva du planlegg å bruke på mat og deretter kva du har råd til å unne deg av andre ting, og eventuelt eit lite månadleg sparebeløp om du har anledning til det. Og sidan vi studentar framleis berre får studiestøtte i 10 månader, kan det vere lurt å sette av litt pengar regelmessig gjennom skuleåret, slik at du slepp å leve på nokre 100-lappar i juni månad.

2. Planlegg innkjøpa dine og sjekk kiloprisFil 12.04.2016, 10.57.52 kilopris
Lag deg ein middagsplan, og elles plan over mat- og daglegvarer du treng i løpet av ei veke eller eventuelt lengre periodar. Med god planlegging kastar du mindre mat, og du har færre butikkbesøk som kan resultere i unødvendige innkjøp. Følg med på tilbodsaviser/-apper, nytt deg av billegbutikkane og billegprodukta, og bli medlem i kundeprogram som for eksempel Trumf, Coop og liknande. Og når du er i butikken; sjå etter kilopris! Som oftast har dei store pakningane lågare kilopris enn dei små, men ikkje alltid, så hald auga opne og gå på kiloprisjakt!

3. Bustad Fil 12.04.2016, 10.57.42 bil 250
Ein MÅ ikkje bu i sentrum. Når du tar avgjersla om kvar du ønskjer å bu, ta med i vurderinga kor mykje du kan spare på å bu eit lite stykke unna. Du kan gjerne spare meir på å bu litt utanfor sentrum enn du sparar på å sleppe å kjøpe busskort når du bur i sentrum.

4. Kollektivtrafikk
Bur du midt i sentrum er du kanskje ikkje avhengig av verken bil eller buss. Men følgjer du tipset om å bu litt utanfor, er det å ha eigen bil som oftast eit stort pengesluk. Nytt deg heller av kollektivtrafikken. Her er det gode sparemoglegheiter dersom du kjøper periodebillettar over lengre tid framfor å kjøpe enkeltbillettar. Normalt har kollektivselskapa månadskort, men mange tilbyr også halvårskort.

5. Ha fleire kontoar for ulike formål
Med fleire ulike kontoar får du betre system i, og oversikt over kva du brukar pengar på. Ein eigen rekningskonto til faste utgifter og ein matkonto med tilhøyrande bankkort er absolutt å anbefale. På denne måten blir det enklare å følgje budsjettet du har sett deg.

6. Spar pengar på byen
Ein kjent studentaktivitet er nokre kveldar på byen i ny og ne. Her er det lett for å bruke litt meir pengar enn ein hadde tenkt. Ta heller med eit førehandsbestemt beløp i kontantar og legg kortet att heime.

7. Kjøp brukt
Dette gjeld både bøker, møblar og det som elles skulle gå an å kjøpe brukt. Fil 12.04.2016, 10.43.54 pensumEin kan ofte få brukte pensumbøker til halv pris, og gjerne endå rimelegare. Dersom den brukte boka skulle vere ein eldre versjon enn det pensumlista angir, forhøyr deg med foreleser om denne kan brukast likevel. Ofte er det berre små endringar i dei nyare versjonane, som ein kan få med seg på andre måtar. Er du på jakt etter møblar, kan du forhøyre deg med andre og søke på finn. Det finst også mange grupper på Facebook for kjøp og sal. Er du ekstra heldig kan det hende du finn nokon som gir vekk møblar gratis mot at du hentar dei sjølv.
Fil 12.04.2016, 11.05.53 rabatt

8. Nytt deg av studentsamskipnadene og studentrabattar
Studentsamskipnader har som regel bustad, helsetenester og trening til ein lågare pris enn andre stader. I tillegg er det ei rekke butikkar og tenesteleverandører som tilbyr studentrabattar. Sjå deg om etter desse og eventuelle tilbodsapper og lojalitetsprogram.

9. Lag nistepakke og bruk termokopp  Fil 12.04.2016, 10.52.33 mat
Studentkantinene reklamerer med billeg mat, men ein sparar definitivt mest ved å smøre si eiga matpakke. I tillegg til mat, er kaffi ofte heilt nødvendig for å kome gjennom dagen på lesesalen, men det kan fort bli dyrt viss du kjøper enkeltkoppar i kantina kvar gong. Ta heller med deg kaffi heimefrå på ein termokopp, eller kjøp ein kaffikopp med tilhøyrande «kaffiabonnement» i studentkantina.

10. Reflekter over pengebruken din
Set deg ned med kontoutskrifta frå nettbanken, og rekn ut kva du bruker pengar på for å sjå om det finst sparemoglegheiter. Her kan du fort få deg ein oppvekkar! Kanskje bruker du meir pengar på kle enn det du trudde, kanskje oppdagar du at du bruker vel mykje pengar på unødvendigheiter, eller kanskje du bør revurdere om du har råd til å kjøpe dyr frisørshampo? Ta kontroll og sjekk kor pengane blir av!

Følgjer du desse 10 tipsa, har du ein betre sjanse for å unngå Luksusfellen!