Eg har vore på bustadkveld, her er det eg lærte!

Sjølv om eg jobbar deltid i Sparebanken Sogn og Fjordane, er det framleis mykje eg ikkje kan om bustadmarknaden og bustad generelt. Derfor deltok eg på bustadkveld med banken i Bergen for nokre veker sidan, for å innhente meir relevant informasjon om temaet. Her skal eg derfor gi deg nokre av tipsa eg sit igjen med etter den kvelden:

SPARING:
Å kjøpe bustad, krev ein god del sparing i alle fall for oss som skal kjøpe vår første bustad. Kapitalkrava har blitt strengare dei siste åra, og i dag er det eit krav at ein har minst 15 % av kjøpssummen som eigenkapital dersom du kjøper bustad åleine og ikkje har kausjonist. Om ein får med seg ein medlåntakar eller kausjonist, vil dette gi banken ekstra sikkerheit, og kapitalkravet er då ikkje absolutt. Og skal du spare til bustad og er under 33 år, er det Bustadsparing for ungdom (BSU) som er den tryggaste spareforma. På bustadkvelden gjekk rådgjevarane blant anna gjennom desse tipsa til BSU-sparing:nøklar

  • Begynn tidleg å spare. Desto tidlegare, desto betre. Litt er betre enn ingenting.
  • BSU er den kontoen med suverent beste rente (3,6 prosent effektiv). 
  • Du får igjen 20 prosent av det du sparer som frådrag på skatten, dersom du har skattbar inntekt. Dvs. 5000 kroner tilbake på skatten dersom du sparer maksimalbeløpet på 25 000 kroner i året. 
  • Pengane du set inn på kontoen blir låste til bustadkjøp eller nedbetaling av bustadlån. Dersom du ikkje skattar kan det derfor heller løne seg å spare til bustad med å bruke bustadsparekontoen vår til 3 % prosent rente. Då unngår du «å bruke opp» skattefrådraget på BSU til den dagen du faktisk skattar. 

På nettsidene til banken finn du mykje nyttig informasjon om BSU og bustadsparekontoen.

BUSTADMARKNADEN
Det har aldri vore billegare å låne pengar av banken, og Sparebanken Sogn og Fjordane kan i dag tilby førsteheimslån til 2.07 % rente ved låneopptak på over 2 millionar. Dette er eit lånetilbod til unge kundar som skal kjøpe sin første bustad. Før eit eventuelt kjøp kan det likevel vere lurt å reflektere litt på kva framtida vil kunne bringe.

  • Kor lenge har du tenkt å bu i leilegheita?
  • Er arbeidsutsiktene lovande?
  • Bør du kjøpe uansett, eller vil det i nokre tilfelle vere lurt å leige framfor å eige, trass den låge lånerenta?
  • Kor sårbar er du for ev. renteoppgang? Nye bustadlånkundar må kunne betene renter som er 5 % over det renta er ved opptak av lånet, og det kan også vere lurt å vurdere å binde renta til fastrente.

KJØPSPROSESSEN
Når du har bestemt seg for å kjøpe bustad er mitt viktigaste tips å lese prospektet nøye. Her får du blant anna informasjon om utleigemoglegheiter, parkeringsareal, størrelse på eventuelle bodar og kjellarrom. Her vil ein også kunne finne info om alt av forsikringar og attestar er i orden, og om det er noko med bustaden som må utbetrast. Dersom det står i prospektet at det er vannlekkasje i kjellaren kan du ikkje kome etter kjøpet å klage på at det er lekkasje i kjellaren. Du finn med andre ord mykje nyttig informasjon i prospektet for å unngå å kjøpe katta i sekken. I tillegg kan det vere lurt å sette seg ei maksgrense på kor høgt ein er villeg til å gå dersom ein kjem i budrunde FØR ein faktisk sit i budrunda.

Er du interessert i å diskutere bustad eller bustadsparing med banken? Då er det i så fall berre å ta kontakt med oss for ein uforpliktande samtale på eit av kontora våre eller over telefon.