Robotane kjem, noko skjer!

«Hei! Vil melde om at førespurnaden din er under behandling! Eventuelle spørsmål rettast til din kontaktperson i banken»
Eit typisk svar som vert sendt ut til alle som spør banken om noko, tenkjer du… eit ganske spennande svar spør du meg!!

Meiningsinnhaldet i dette svaret er nok ikkje så spennandes i seg sjølv. Den er grå og trist, eigentleg ganske kjedeleg. Det kule er kva denne meldinga representerer. For i det du har fått dette svaret, så tyder det at noko skjer hos oss. Ein automatisk prosess for å være nøyaktig. Utført av ei programvare som på folkemunne blir omtalt som ein Robot.

robot

Roboten har verken armar eller bein, stol eller pult, men held til inne på PC’en til liks med nettlesarar, spotify og epost-innboksen din.

Korleis set ein noko slikt i arbeid undrar du deg kanskje over? Svaret er eigentleg mindre komplisert enn folk trur: Ein lagar ei rutine eller ein prosess, som vi ønskjer at roboten skal følgje. Litt på same måte som at du trenar opp ein hund til å hente avisa for deg kvar morgon. Eit eksempel kan vere behandling av MasterCard-søknadar. Roboten vil følgje denne rutinen slavisk, men ein må vere klar over fallgruvene.

«Hvis det er noe som ikke kan gå galt, så går det likevel galt» – Murphys lov

robot 2IT  har, som i verda elles, svakheiter som kan oppstå. For eksempel kan det vere at eit system vi skal skal registrere informasjon i er nede, eller at viktig informasjon har forsvunne. Dette vert kalla eit unntak. Er ikkje avisa på plass der hunden pleier å hente den, så vil den sannsynlegvis gjere noko anna uoppfordra til den dukkar opp. Dette blir som ein slags regel for å handtere unntaket: Er avisa der, lever den til eigar. Er ikkje avisa der, gjer noko heilt anna.

Roboten må bli fortalt kva han skal gjere om han møter på slike unntak. Om ikkje så stoppar den opp grunna mangel på fri vilje. Er ikkje søknaden om MasterCard komen på rett plass, må roboten bli fortalt kva den skal gjere og eventuelt kven den skal varsle. I motsetnad til hunden har den heller ingen pauseunderhaldning i form av kattar som er meir spennande å springe etter.

Etter kvart som vi har lært roboten ei oppgåve og korleis den skal respondere på denne, kan vi gå vidare å lære den nye. Til saman blir dette ei heil mengde med arbeid, og det blir utført utan at vi menneske treng å gjere noko som helst.

Du som kunde vil ikkje merke når du kommuniserer med ein robot i banken. Men vi meiner at den gjer oss som bank betre ved å både korte ned svartid direkte mot deg, og gjere kvardagen enklare for tilsette i banken gjennom å avlaste dei. Du kan godt seie av vi ønsker å gjere di oppleving av oss som bank betre, gjennom at vi kan bruke meir tid på deg som kunde.

Då startar du kanskje å forstå kvifor det i utgangpunktet kjedelege svaret i byrjinga av dette innlegget, eigentleg er litt kult. Det fortel at noko skjer.