Godt nytt spareår!

SpareblomstEr du av typen som har ei rekkje nyttårsforsett kvart år, og som har ein tendens til å dukke opp att ved kvart årsskifte?  Typiske gjengangarar er: Vekta ned, kondisen opp, ete sunnare, mindre TV-titting, mobilbruk etc. Prøv noko nytt i 2016 – spar både mykje og lite!

Eit buffer mot uventa utgifter høyrest kanskje kjedeleg ut, men ingen har angra på at dei har spart pengar! Vi har vel alle små og større pengesluk som tappar kontoen vår.

 

Oversikt er gull verdt
Overraskande mange av oss veit ikkje kva som går inn og ut av kontoane våre, så ein gjennomgang i nettbanken vil gi eit godt bilde av kvar pengane tek vegen. Får du først oversikta, er det mykje lettare å planlegge og skrelle vekk unødvendige utgifter.

Dei store pengesluka
To av dei større er nok bilhald og forsikring. Det er kostar dessverre mykje å ha bil, før ein i det heile køyrer ein meter. Har de 2 bilar i familien, gjer nok utgiftene eit solid innhogg i inntekta. Det blir heile tida ei vurdering om det er verdt kostnadane.

Forsikring må vi også ha, men her kan det vere ein del å hente på å samanlikne prisar og innhente tilbod litt oftare enn vi vanlegvis gjer. Vi tilbyr Frende sine forsikringar – sjekk kva tilbod du kan oppnå der.

Mange små pengesluk
Forbrukarøkonom Hallgeir Kvadsheim ( frå Luksusfella i TV3) har eit artig uttrykk for desse utgiftene : Lommetjuvar.  Kvar for seg kan det sjå ubetydeleg ut, men til saman blir det mykje penger ut i det blå. Sjekk i nettbanken din og sjå på faste trekk som går ut av kontoane dine kvar månad. Treng du alle abonnement på t.d. aviser, TV-kanalar, streamingtenester, og liknande?

Sjekk telefonrekninga
Betaler du for fleire innhaldstenester enn du visste om? Det kan vere spel, ringetonar, chat eller avstemmingar som du blir fakturert over telefonrekninga. Har born med eigen mobil, er det ekstra god grunn til følgje med.

Sjå og litt nøyare på telefonabonnementet ditt, og samanlikn med andre konkurrentar. Kor mykje datatrafikk bør inngå i abonnementet ditt , til dømes.

Våre daglege (u)vanar
Vil du verkeleg ta i bruk sparekniven, er det ingen veg utanom det «lille» ekstra som vi unner oss rett som det er. Forbrukarøkonom Kvadsheim kjem med eit slåande døme: – Om du drikk ein kaffe latte til 35 kroner kvar arbeidsdag kostar det deg 8000 kroner i året!

Vi kan nok finne fleire slike, men poenget er ikkje at vi skal slutte å unne oss noko ekstra i kvardagen. Men ved å tenke gjennom kva pengane går til, er det lettare å motivere seg til å redusere litt på forbruket.
To do list 2016500
Småsparing
Dersom du tykkjer det er vanskeleg å spare, fins det ein ufattelege lettvint metode, nemleg Småsparing. Opprett småsparing i nettbanken din, og kvar gong du dreg Visakortet ditt, blir det sett av ein sum inn på kontoen din, anten ein fast sum, eller avrunding av kjøpesummen oppover.

Set opp budsjett for 2016
Når du no har fått ei god oversikt over kva pengane går til, er det ikkje mykje arbeid å sette opp eit budsjett for 2016, der du plotter inn dei faste utgiftene. Og med ei god plan, får du ein mykje betre økonomisk situasjon.

Så er det berre å gjennomføre budsjettet utover året, og ikkje gi seg etter 14 dagar, slik vi har lett for å gjere med harde treningsprogram og strenge diettar.

Lukke til med sparinga anten den er liten eller stor.