Gir over hundre tusen i julegåve

Kvart år gir banken ei pengegåve til eit godt formål som erstatning for julegåve til bedriftskundane våre. I år forskotterte vi denne gåva i september og ga 50 000 kroner til Redd Barna sitt arbeid med dei syriske flyktningane.

– Bileta og historiane frå flyktningkatastrofen i Middelhavet er mange og vonde, og viser oss dei ubehaglege ulikskapane i verda. Behovet er stort, og derfor er det viktig for oss å bidra, seier Roy Stian Farsund, banksjef for bedriftsmarknaden.

Dei siste månadane har historiane om flyktningane også kome frå våre eigne landegrenser, og det blir i tillegg viktig å hjelpe lokalt. Derfor gir dei tilsette i banken i år heile si julegåve på 75 000 kroner til ein organisasjon dei sjølve har vore med å velje ut, nemleg Sogn og Fjordane Røde Kors og deira flyktningguideprosjekt. Her blir flyktningar som har fått opphald i Norge sett saman med ein frivillig guide som kjenner lokalsamfunnet og som dei finn på ting  i lag med.

– Dette betyr mykje for arbeidet vårt med å skaffe endå fleire flyktingguidar. Det er ikkje mykje som skal til for å minske framandfrykta, vi må berre opne oss litt opp. Det er viktig for å bli kjent med lokalmiljøet og bli godt integrert, seier styreleiar i Sogn og Fjordane Røde Kors, Synnøve Sande.

Dei har i dag flyktningguide i Førde, Gloppen og Flora, og jobbar med å få organisert dette fleire stader i fylket.
Omsorgsansvarleg i Sogn og Fjordane Røde Kors, Henriette Solheim, har sjølv vore flyktningguide i Bergen tidlegare, og fortel at ho i dag framleis er venner med fleire av dei ho var guide for.

– Det er ein veldig givande jobb. Ofte er det nok å ta ein kaffi og prate i lag. Det fine er at fleire av dei som hadde guide då dei først kom til Norge, jobbar som frivillig guide hos oss i dag. Då føler vi at vi har gjort ein integreringsjobb, og det er kjekt å sjå at dei vil vere med å hjelpe andre, seier Solheim.

Hovudtillitsvald i banken, Eirik Rostad Ness, er glad for å kunne gi ei gåve til samfunnet.
– Vi har meir enn vi treng, og til jul får vi så mykje uansett. Som bank er vi opptatt av å vise samfunnsansvar, så det å kunne gi gåva frå arbeidsgjevar til slike organisasjonar, kjennest meir meiningsfyllt, seier Ness.