Furorevinnarar 2015

Vi har i år delt ut Furorestipend til sju unge talent frå Sogn og Fjordane. Alle stipenda var på 50 000 kroner kvar. Juryen har i år bestått av Stig Roger Eide (Firda), Terje Lyngstad (SoFT), Trude Skarvatun (Førde kulturskule) og Pål Fidjestøl (Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.)

Veit du om nokon som burde søke? Furorestipenda har fast søknadsfrist kvart år 15.juni. Les meir om stipendet her.

ALPINISTEN
Åge Solheim frå Nordfjordeid mottok stipendet under Opptur i Florø. Solheim har dei siste tre åra vore elev ved Norges Toppidretsgymnas (NTG) på Lillehammer, og har blant anna ein andreplass samanlagt i Norges-Cup senior å skilte med. 19-åringen har mange og konkrete planar: Han skal vinne Norges-cupen samanlagt OG U21-NM denne sesongen. Så skal han inn på landslaget innan 3 år, og deretter er målet hans å vinne verdscupen samanlagt.

Les meir om tildelinga her.

OPERASONGAREN
24 år gamle Nora Oleanne Sårheim er masterstudent ved Griegakademiet, som tillikes med Furore-juryen slår fast at ho held eit svært høgt nivå som utøvande sangar, og har utvikla stor breidde i sitt repertoar. Griegakademiet kallar henne dessutan ein viktig ressursperson for alle studentane ved akademiet, og ho får skryt for si evne til å organisere og leie ulike prosjekt. Sårheim var heime for å feire mora sin 50-årsdag då ho blei overraska med Furorestipendet frå reigionbanksjef Ole Aukland.

MOTBAKKELØPAREN
Eli Anne Dvergsdal er frå Jølster, og er ein svært seriøs idrettsutøvar, og i tillegg til motbakkeløping er ho aktiv i både fotball, kor ho spelar i Toppserien for Sandviken. Ho held også på med friidrett, der ho mellom anna har ein bronsemedalje frå NM i terrengløp. Hennar ambisjonar er enkelt og greitt å bli verdsmeister i motbakkeløp innan 2020. Ho mottok sitt stipend under Førde Opp i august, der ho også stakk av med førstepremien.

FORFATTAREN
Arne Henning Årskaug frå Holsen har ikkje berre kome seg gjennom det utruleg trange nålauget på begge dei høgast hengande forfattarutdanningane her i landet. Han har også følgt opp med den sprudlande og originale novellesamlinga (eller «prosasamling») Utstyrstekstar, som er eit sentralt bidrag til å fornye og forfriske både nynorsk som forteljarspråk – og norsk litteratur i det heile.

Arne Henning blei overraska med gåvetildelinga i det han trudde skulle vere eit roleg familieselskap heime på Holsen. Det kan du lese meir om her.

LANGDISTANSELØPAREN
Marius Vedvik frå Førde er eit av dei største langdistanse-talenta i Norge. For tre år sidan spelte han fotball og handball i Førde, før han tilfeldig vart «lokka med» på Rett Vest i Florø. Då var det gjort. I løpet av desse tre åra har han senka det som finst av rekordar lokalt. Han har pressa rekordane i til dømes Rett Vest, Jølstermila og Esefjorden Rundt langt ned, og han har sett personlege (og krinsrekordar) på det meste over 1500 meter. Han har representert Norge både i EM terrengløp og EM friidrett, og har fleire landskampar i friidrett. I april vart han òg utteken på det norske landslaget i friidrett (som ein av 12). Les mer om overrekkinga her.

SKISKYTAREN
Karoline Erdal har ei overveldande liste med imponerande resultat i både regionale, nasjonale og jamvel internasjonale konkurransar. I tillegg viser Karoline at ho satsar hardt og målretta; ho går no på skiskyttarlinja til NTG (Norges Toppidrettsgymnas) på Geilo. Ho har òg høge men konkrete ambisjonar om å representere eit av verdas sterkaste landslag under OL i 2018.

Les meir om overrekinga her og her.

LANGRENNSLØPAREN
Til tross for sin unge alder, har Jon Rolf Skamo Hope frå Hyen allereie markert seg i landstoppen i langrenn i fleire år. Førre sesong vart det m.a. både stafettgull og individuelle 2. og 5. plassar under Nordisk juniorlandskamp.

Denne hardtsatsande idrettsutøvaren satsar målretta og seriøst på langrennskarriera, og går for tida på NTG på Geilo. Og ambisjonane er ikkje snauare enn at han skal ta medalje i verdsmeisterskap og OL. Les meir om overrekkinga her.

Foto: Aadne Gloppestad.