SSF blir generalsponsor for Florø handball

IMG_3529 500 Sparebanken Sogn og Fjordane har fornya avtalen med Florø handball, og går inn som generalsponsor i tre nye år.

-Det er viktig for oss å sponse handballen i Florø som ein breddeidrett, spesielt sidan mykje av deira aktivitet er retta mot barn og ungdom, seier Tom Staveteig, banksjef i Florø.

Klubben har 57  lag og 360 aktive medlemmer. Det gjer dei til den største i Sogn og Fjordane.
– At vi får vere med å sponse ein så stor klubb, er spennande for oss. I tillegg ser vi at dei jobbar målretta med populariteten til handballen, seier Staveteig.

Morten Mortensen, nestleiar i Florø handball, er glad for at avtalen er på plass.
– Det føles trygt å ha ein stor bank i ryggen som viser så stort samfunnsansvar innanfor idrett og kultur, både gjennom leiing og stiftinga, seier Mortensen.

Han fortel at støtta frå SSF vil bli brukt på breidde, inkludering, utdanning av eigne trenarar og å hindre fråfall i aldersgruppa 15-19 år.
– I Florø har vi ein stor andel med familiar frå andre kulturar. Det er viktig at vi når desse sjølv om dei har ulike språk, religionar og kulturar. I tillegg er vi opptekne av å få med barn og unge som har nedsatt funksjonsevne, seier Mortensen.

På signeringsmøtet var banksjef Ole Aukland, Tom Staveteig og Trine Vokhul frå Florø handball til stades.