Dette var ein røykvarslar, den mangla batteri

Røykvarslaren er det viktigaste livreddande tiltaket du har heime. Virkar den, kan den redde liv. I dag håpar vi derfor at det pip i heile Norge. 1. desember er Røykvarslerens dag, dagen batteri byttast og røykvarslarar skal testast i alle heimar.

– Norge ligg i verdstoppen når det gjeld bustadbrannar, sier brannekspert Odd Magne Skjerping i Frende Forsikring. Samtidig viser undersøkingar fra Aksjon boligbrann at ein halv million nordmenn går til sengs uten ein fungerande røykvarsler i kveld.

Varslar ikkje brann
– Altfor ofte ser vi at røykvarsleren ikkje virkar, enten fordi batteriet er dødt, eller fordi den ikkje har batteri i det heile tatt, seier Odd Magne Skjerping. Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) har påvist at 25 prosent av dei omkomne i bustadbrannar dei siste åra ikkje hadde røykvarsler, eller at den ikkje virka.

Røykvarsleren som er avbildet kjem frå ein brann i ein eldre einebustad, tidleg i morgontimane.
– Røyk og open flamme blei heldigvis oppdaga frå eit nabohus, og naboen fekk vekt bebuaren før det gjekk gale. Huset fekk store materielle skadar, fortel Skjerping. Den einaste røykvarslaren i huset hadde ikkje batteri.
– Viss ikkje naboen tilfeldig hadde oppdaga brannen, kunne dette blitt ein dødsbrann i statistikkane, sier han.

Ingen jul uten ild
Desember er brannmånaden framfor nokon andre. Vi bruker meir straum enn vanleg og fyrer i peisen. Mange av julebrannane skyldast gryter som blir gløymt igjen på ein varm komfyr. I tillegg er uforsiktig bruk av levande lys og dei mange elektriske smålysa i adventstjerne og juledekorasjonar skyld i mange brannar kvart einaste år.

– Det er viktig å ta nokre førehandsreglar. Skru av belysninga om natta, og når du ikkje er heime – og sjekk at røykvarslaren verkar. Røykvarsleren er det viktigaste livreddande tiltaket du har heime, sier Skjerping i Frende.

– Tidlig varsling om brann kan gi deg sjanse til å redde deg sjølv og andre, og kanskje sløkke brannen, sier Skjerping. Han anbefaler å seriekople røykvarslarane slik at alle i bustaden blir varsla samtidig.

Test med røyk
For å sikre deg og familien bør du teste med røyk. Du kan halde noko som ryk, som ei spesialfyrstikk, ei lita gassflaske som er meint til slik testing, eller eit telys du nettopp har blåst ut, under røykvarsleren. Begynner den å pipe av seg sjølv, veit du at den fungerer.

– Viss du berre trykker på knappen, testar du berre at det er straum i batteriet, ikkje om den slår ut viss det brenn, sier Skjerping.

Jo fleire, jo betre
Alle bustadar skal ha minst éin godkjent røykvarsler i kvar etasje, men Frende anbefalar røykvarslar i alle opphaldsrom og soverom, også i boder i tilknytning til huset.

Riktig plassering av røykvarslere er svært viktig for hvor raskt de reagerer på røyk.
– Det er et krav at røykvarslere skal kunne høres tydelig fra alle soverom, selv når alle dører er lukket. Dette bør du teste ut, sier hun. Optiske røykvarslere er anbefalt, og er blitt mest vanlig, den «ser» røyk og varsler raskest, mens den ioniske «lukter» røyk.

Hjelp familien
– Har du eldre slektningar som bur åleine, kan det vere lurt å hjelpe dei med testinga, rådar forsikringsselskapet. Det finst også eigne røykvarslarar som er spesielt tilpassa personar med nedsatt hørsel eller er døve. Desse varslar med kraftig blinkande lys i tillegg til ei vibrasjonsplate som leggast under puta.

– Vår erfaring er at svært få familier har forberedt barna på brann. Er det barn i huset, bør familien også ta seg tid til en brannøvelse denne uken, mener Skjerping. Snakk med barna om brann og bli enige om en møteplass utenfor huset, prøv rømningsveiene. Har de brannstige på ytterveggen, bør alle i familien øve på å slå den ut og klatre ned.

– Øvelse og gode rutinar skapar tryggleik, sier Skjerping i Frende.

Dette må du gjere viss det brenn

  • 1: Redd andre ved å rope "Brann! Brann! og hjelp kvarandre ut
  • 2: Pass på at alle barn kjem seg ut til møtestaden
  • 3: Varsle brannvesenet. Ring nødnummer 110
  • 4: Viss du har tid, lukk dører og vindauge
  • 5: Viss branne er liten, prøv å sløkke. Ta ingen sjansar.
  • 6: Gå raskt ut av huset og til møteplassen