SSF blir generalsponsor for Florø Fotball

Sparebanken Sogn og Fjordane går inn som generalsponsor for Florø Fotballklubb. Dette blir dermed den største sponsoravtalen banken har i region ytre fjordane.

– Samarbeidet med Florø Fotball skal bli veldig spennande. Klubben har eit verdigrunnlag som vi gjerne vil bli assosiert med, nemleg det å satse langsiktig på barn og unge, seier banksjef Ole Aukland.

Han kallar Florø Fotball eit viktig flaggskip i nærområdet.
-Florø Fotball er den tredje største klubben i fylket, og det er klart ein slik klubb er med på å skape stoltheit til byen blant innbyggjarane i Florø, seier Aukland.

Nye prosjekt på trappene
Den nye treårige avtalen er i millionklassen, og nokre av midlane er øyremerka tre konkrete prosjekt som Florø Fotball skal i gang med. Det eine prosjektet er eit medieprosjekt som blant anna omhandlar streaming av fotballkampar. Eit anna prosjekt er å få i gang eit tettare samarbeid med næringslivet og der målet er å skape ein møteplass for sponsorar. Dei skal også i gang med eit kompetanseprosjekt som skal kome andre nærliggande klubbar i regionen til gode.

– Vi ønsker å gjere Florø Fotball til ein regionklubb. Då er det viktig at vi reiser dit dei andre klubbane er og er med på treningane der i staden for å ha samlingar her i Florø ein gang i blant. Vi har trua på å gjere klubbane gode der er, seier hovudtrenar i Florø Fotball, Terje Rognsø.

– Sidan nokre av midlane blir utbetalt etterkvart som vi kjem i gang med prosjekta, blir det jo litt opp til oss sjølve kva vi får ut av denne avtalen. Men dette har vi veldig trua på, og er noko vi har jobba bevisst for, seier leiar for Florø Fotball, Arild Melvær som er glad for å få med tilsette frå SSF i samarbeidet. Marknadssjef i SSF, Gunn Aase Moldestad, skal nemleg vere med som observatørar på prosjekta for å sikre framdrift og realisering.

Meir profesjonell klubb
Florø Fotball har lenge vore drifta på dugnad og frivillig innsats. Terje Rognsø fortel at dagens krav til klubbdrift er blitt såpass endra at dugnadsdrift ikkje er nok for ein klubb på denne størrelsen og på dette nivået.

– Med denne avtalen får vi moglegheit til å tilsette ein dagleg leiar i løpet av 2016. Dermed kan vi jobbe meir effektivt og strukturert, og få litt meir system på det vi driv med, seier Rognsø.

Banksjef Aukland ser positivt på satsinga innan toppfotballen i klubben, og legg ikkje skjul på at han no håpar at klubben kan klare å rykke opp i Obosligaen. Han meiner klubben likevel er gode på breidda.
– Alt heng saman på dette punktet. Skal du ha toppen, må du også ha breidda, og det klarer Florø Fotball veldig bra, seier han.