Vidaregåande i pose og sekk

DSC_9504 400Om det er nokon som lurer på kva YSK-linja er, eller har lurt på kven den nyleg tilsette 16-årige jenta som ruslar fram og tilbake i banken er, bør du kanskje lese gjennom dette blogginnlegget.

Om meg
Eg heiter Malin Horstad Dale og er ei jente på 16 år frå Naustdal. Eg begynte å jobbe i banken den 12. oktober i samband med ei ny studielinje på Mo og Øyrane vidaregåande skule. Utanom jobb og skule har eg ein hest, så mykje av fritida mi går til dette. Elles likar eg å vere sosial, samarbeide med andre og er opptatt av eit godt arbeidsmiljø.

YSK – ny studielinje
Yrkes- og studiekompetanse er den nye studielinja i fylket. Denne er ny i fylket frå i år av. Det er eit 4-årig løp der du får generell studiekompetanse og fagbrev innanfor salsfaget. I tillegg er det den einaste linja som har krav på minimum 360 000,- i løn per elev i løpet av dei fire åra. Dette stiller sjølvsagt ulike krav til elevane som søkjer på denne linja.

I år var det 9 elevar som kom inn på linja, der alle har kvar si bedrift dei jobbar i. Noko som er annleis med denne linja i forhold til vanleg yrkesførebuande, er at vi begynner å jobbe i praksis frå første skuleår. Det første året skal vi jobbe ein dag og vere fire dagar i skule, dette aukar kvart år slik at eg er i banken fire dagar og ein dag på skulen siste året.

Kva skal eg gjere i banken?
Eg skal hovudsakleg jobbe på kundesenteret, der eg snart skal sitte på sentralbordet. Målet er at til hausten 2016 skal eg sitje på telefon. Elles skal eg rundt i fleire avdelingar for å sjå kva som skjer andre plassar enn på kundesenteret. Før helga var eg innom marknad der eg fekk eit innblikk i kva arbeidsoppgåver dei har i kvardagen. Eg synest at dette var ein veldig kjekk og lærerik dag der eg fekk bli kjent med dei tilsette på marknad. Blant anna utfordra dei meg til å skrive dette blogginnlegget, noko eg syntes var veldig spennande å få prøve.

Alt i alt har eg fått eit veldig godt inntrykk av banken så langt. Veldig lærerikt og hyggeleg å møte dei tilsette på dei ulike avdelingane. Ser fram til fire flotte år i banken.