Karoline blei lurt trill rundt

DSC_9526 1000

Skiskyttartalentet Karoline Erdal (18) trudde ho skulle i eit møte med banken saman med foreldra. Lite visste ho om at ho skulle gå derifrå med eit Furorestipend på 50 000 kroner.

– Furorestipend til meg?, utbryt ho tydeleg overraska i det banksjef Alexander Dvergsdal kjem inn døra med ein gåvesjekk på
50 000 kroner.

– Oi, dette hadde eg absolutt ikkje forventa, held ho fram når ho forstår kva som er i ferd med å skje.
– Visste de dette? spør ho foreldra og ler.
– Ja, vi har fått øvd opp pokerfjesa våre, seier faren, Herman Erdal.

Siktar mot OL 2018
Karoline Erdal går for tida på skiskyttarlinja til Norges Toppidrettsgymnas (NTG) på Geilo, og i juryen si grunngjeving blir det lagt vekt på ei overveldande liste med imponerande resultat både i regionale, nasjonale og internasjonale konkurransar, og ikkje minst eit høgt ambisjonsnivå der målet er å representere skiskyttarlandslaget under OL i 2018.

– Vi er stolte over å kunne vere med å støtte unge, lovande talent frå fylket. Det Karoline har oppnådd er rett og slett imponerande, og at vi kan gi ei gåve som kan vere med å hjelpe ho på vegen vidare, er veldig kjekt, seier Dvergsdal som deler ut stipendet på vegne av juryen beståande av Stig Roger Eide, Terje Lyngstad, Trude Skarvatun og Pål Fidjestøl.

Hovudpersonen sjølv er stolt og audmjuk over merksemda og tilliten ho blir vist.

– Det er veldig kjekt å bli støtta i det ein driv med. Dette stipendet vil kome godt med, både til å dekke kostnader til reising og ikkje minst utstyr. Utstyret blir jo dyrare og dyrare for kvart år, seier Karoline.

Saman med ho i banken var både mor Irene Skilbrei og far Herman Erdal, som tydeleg var stolte og rørte begge to.

– Det er godt å oppleve at arbeidet ein har lagt ned blir sett av andre, og at det bèr frukter. Vi har lagt ned enormt mykje arbeid, tid og krefter, og det er godt å få ein peikepinn på at det vi gjer er rett og at ho kan satse endå meir framover, sier Herman.

Flyttar til Lillehammer neste år
Karoline har spennande dagar for tida. I går fylte ho 18 år, i dag blei ho Furorevinnar og i morgon skal ho ta oppkøyring til førarkortet.
– Det skal bli deilig å kunne køyre til trening sjølv, og sleppe å vere avhengig av foreldre som sjåførar, seier 18-åringen som til neste år set kursen mot Lillehammer og studiar.

– Eg har lyst å studere for å ha noko i tillegg til sporten. Det kan bli for mykje å satse fulltid på sporten når eg endå er så ung, så eg vil ha noko i tillegg, fortel Erdal.

At valet fall på Lillehammer som studiestad, er derimot ikkje tilfeldig.
– Der er det gode løyper, og mange løyper. I tillegg kjenner eg fleire som skal studere der, ikkje minst broren min som har studert der i fire år no, seier Karoline.

 

Juryen si grunngjeving:
Når juryen for Furorestipendet skal grunngje sine tildelingar av stipend i idrettskategorien, plar ein nemne gode resultat kandidatane har oppnådd så langt. For Karoline Erdal sin del blir det ei så overveldande liste med imponerande resultat i både regionale, nasjonale og jamvel internasjonale konkurransar at det lett kunne fylt heile juryen si grunngjeving. I tillegg viser Karoline at ho satsar hardt og målretta; ho går no på skiskyttarlinja til NTG (Norges Toppidrettsgymnas) på Geilo. Ho har òg høge men konkrete ambisjonar om å representere eit av verdas sterkaste landslag under OL i 2018.

Juryen har difor konkludert kort og greitt at både resultat og satsing er imponerande; og sjølv om målsettingane er høge, synst juryen at dei i Karoline sitt tilfelle ser ut som dei er oppnåelege og kan berre ønskje lukke til. Samt gratulere med 18-årsdagen!