Førebu deg på stormen

Hauststormen er like rundt hjørnet skal vi tru vêrmeldinga. Her får du ei kjapp sjekkliste på kva førebuingar som er viktige å hugse på. 

I Frende Forsikring får vi kvart år rapportert inn veldig mange skadar. Mange av dei kunne vore forhindra med enkle førebuande grep før hauststormen set inn.

Sikring mot storm

  • Hugs at lause gjenstandar skal sikrast for å unngå farlege situasjonar.
  • Hald sluk, rister og avløp opne. Lukk dører og vindauge.
  • Båtar i opplag, leveggar og garasjar med open port blir fort offer for vindens herjingar.
  • Alle bygg under oppføring bør sikrast ekstra godt.
  • Sørg for at konstruksjonar med stort vindfang er forsvarlig forankra.</liKjelde: Finans Norge / Frende Forsikring

Sjekk avløp, sluk og tak
Tette avløp og utette tak blir fort ei svært kostbar erfaring for deg som er huseigar. Viss taket er utett oppstår det fukt- og råteskader, og standard husforsikring dekker sjeldan skadar som skyldast at vatn har trengt inn i bustaden frå tak og utvendige nedløp. Det kan bety at du som huseigar må betale heile skaden sjølv. Oppdager du fukt- og råte, må skaden rettast opp så snart som mogleg, slik at skaden ikkje blir større enn den allereie er.

Som hovudregel bør du derfor sjekke heile takflata i alle fall éin gong i året, anten sjølv, eller med hjelp frå ein taktekkar. Du bør passe på at takstein og plater ligg rett, og at takstein ikkje har forflytta seg eller er skada. Takstein med sprekker må skiftast ut med nye.

Pass på om du har store tre på eigedommen
Skadar på tak skyldast ofte at greiner fell ned. Har du tre på eigedommen, i nærleiken av bustaden eller uthus, er det greit å sjekke at dei toler kraftig vind. Du kan gjerne beskjære løvtre for å unngå at blad tettar takrenner og at vatn finn nye vegar.

Takrennene er oftast enkle å vedlikehalde. Det viktigaste er å fjerne løv og rusk så det ikkje tettar avløpet, og å sjekke at takrennene er heile.
Man Clearing Leaves From Guttering Of House

Storm og trampoliner
Også andre ting på eigedomen bør vere med på sjekklista. Sjå over at gjerder og gjerdestolpar er solid festa. Og rydd unna eller fest lause gjenstander vinden kan ta tak i. Kanskje bosspanna, til og med? Lat igjen dører og vinduer, og husk på takvindua spesielt.

Trampoliner kan gjere stor skade om vinden tar dei. Ei trampoline som ikkje allereie er pakka ned for haust- og vintersesongen, kan du med fordel binde fast eller feste den i bakken, eller så kan du rett og slett snu den opp ned før vinden tar den.

Hugs god fortøying av båten
Flere båthamner fekk store vêrskader på anlegg vinteren som var, og har no innført krav om fortøyning med demparar på tau.

Ofte må det doble fortøyninger til, om båten skal liggje trygt. Ved melding om sterk vind anbefaler vi ofte å sikre båtene med ekstra spring. Men sjølv ikkje det er godt nok viss tauverket er morkna.  Kanskje du skal vurdere å bytte ut eldre tauverk med nytt og kraftigare tau?

Naturskade og forsikring
Alt som er forsikra mot brannskadar er også forsikra mot naturskadar, gjennom Norsk Naturskadepool. Grensen for at ein stormskade skal vere dekka som naturskade går ved liten storm. Ved svakere vind enn dette, kan slike skadar vere dekka av forsikringa på bygningen.