Student og forsikring?

Student og forsikring?I desse dagar er det mange studentar med ny adresse. Er du ein av dei? Det er mykje å tenke på når alt er nytt. Kanskje har du alt budd vekke ei stund, men har du tenkt på forsikring? Mange studentar gløymer viktige forsikringar som innbuforsikring, reiseforsikring og uføreforsikring når dei flyttar heimanfrå. Med lite studiestøtte, høge bustadprisar og mykje studiemateriell som må skaffast, er det ikkje alltid det fristar å bruke pengar på forsikring, men tør du å la vere?

Her kjem nokre tips frå Frende Forsikring:

Innbuforsikring
Tinga du brukar dagleg, som pc, nettbrett, kamera og mobiltelefon har ofte høg verdi, og det er vanskeleg å plutseleg måtte erstatte gjenstandar av sopass høg verdi dersom du ikkje har fast inntekt.

Årleg melder 1 av 7 unge mellom 18 og 35 år inn skade på reiseforsikringa si i Frende. 5,5 prosent av kundane i same aldersgruppe brukar innbuforsikringa. Så sjansen for at noko skal skje er ganske stor!

Reiseforsikring
Ei god reiseforsikring bør gjelde reiser i heile verda inntil 65 dagar. I Frende er du også dekka på fritida når du ikkje er på jobb, skulen eller heime. I praksis er du dekka av reiseforsikringa i den augneblinken du forlet adressa du bur på, for å ta bussen, gå på butikken eller ein liten tur på byen.

Forsikringa dekka av føresette?
Bur du heime er du dekka av forsikringane til foreldra dine, både innbuforsikring og reiseforsikring. Ulike forsikringsselskap har ulik praksis, det er derfor smart å undersøke med det forsikringsselskapet som forsikringforeldra dine brukar. Frende har inga tidsavgrensing på kor lenge verdigjenstandane er dekka av foreldra si innbuforsikring, når du bur på midlertidig adresse i Norden. Det er først når du endrar den folkeregistrerte adressa di at du må teikne eiga innbuforsikring.

Lås hybelen!
Som student er det mange som vel å bu i hybelhus, studentheim eller i kollektiv. Hugs at sjølv om ein av dei du bur med har forsikring, så dekkjer ikkje den dine tap – du må ha di eiga forsikring! Eigendelane dine er som regel ikkje dekka mot tjuveri i fellesrom heller. Oppbevar derfor alle større verdiar på eigen låsbar hybel.

Mykje å tape
Sjølv om forsikring ikkje akkurat er det hottaste samtaleemnet blant studentar, så er du blant dei som har mest å tape om du skulle bli ufør. Hovudårsakane til at folk blir uføre er muskel- og skjelettlidingar, psykisk helse og hjerte- og karsjukdomar. Desse sjukdomane kan ramme oss alle, på alle stadier i livet.

Ei god uføreforsikring kan vere den beste investeringa du gjer for å sikre framtidig inntekt. Med lite eller ingen arbeidserfaring, vil du som er ung få lite dekka frå folketrygda. Når du er ung og har god helse, kostar uføreforsikringa lite.

Dette er ein type forsikring som er lett å nedprioritere i eit slunkent studentbudsjett. Kva med å ønskje seg uføreforsikring i gåve frå foreldre eller besteforeldre?

Les våre tips om korleis du kan få pengane til å strekke til i studietida

Les Heidi sin blogg om uføreforsikring. Kva med bustaden din dersom du blir ufør?