Med mål om å inspirere og løfte fram lokale gründerar

Denne veka blei eit langvarig samarbeid mellom Temposeminaret i Florø og Sparebanken Sogn og Fjordane fornya. 

– Vi har vore med sidan starten, og vil halde fram samarbeidet fordi vi meiner dette arbeidet er med å løfte næringslivet og gründerverksemda i Sogn og Fjordane, uttalte marknadssjef Gunn Aase Moldestad ved kontraktssigneringa.

Temposeminaret er eit inspirasjons- og føredragsseminar for næringslivet i Sogn og Fjordane. Med sine rundt 400 deltakarar kvart år, er det også eitt av dei største seminara i Sogn og Fjordane. Ikkje minst samlar dette næringslivet på tvers av bransjar.

Løftar fram lokale gründerar

– Målet vårt er å ha fokus på menneskeleg software, og litt mindre på hardware. Menneskeleg software handlar om personlege eigenskaper, det som kan inspirere og som gjer at vi trivst på ein arbeidsplass. Eg trur på at det er menneska rundt oss og historiene deira som inspirerer oss. Og dette må vi bli minna på det i daglege, og det er det temposeminaret skal gjere, seier dagleg leiar i Pos Aktiv Per Øyvind Helle.

Dei tre siste åra har det også blitt utdelt gründerprisen Årets Gründer (tidlegare tempoprisen) for lovande verksemder eller idear, der publikum kan nominere kandidatar og også kan vere med avstemminga. Gründerprisen er eit samarbeid mellom banken, Innovasjon Norge, Framtidsfylket og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

– Eg vil seie at det er blitt ein prestisjepris å motta, seier Helle.

– Ja, det er ingen tvil om at dei som vinn prisen får eit enormt løft internt og i marknadsføringa si. Sjå berre på Melin Medical, Hellenes og High Soft, seier Tom Staveteig, leiar for bedriftsmarknaden ved SSF i Florø.

Viktig bevisstgjering

I år feirer seminaret 15 års jubileum, og Helle meiner dei har funne suksessoppskrifta.

– Vi tenkte ganske stort frå første stund, og det må vi denne bransjen. Det handlar om å vise at vi kan etablere noko slikt i vårt eige fylke og ikkje stå med hua i handa og gjere oss avhengige av å reise andre stader for å få slike seminar. Og i norsk målestokk er seminaret blitt stort. Føredragshaldarane veit kven vi er, og vi får stadig inn forslag på kven vi kan invitere til neste seminar, fortel Helle.

– Eit slikt seminar er viktig for Sogn og Fjordane fordi vi er eit lite fylke med ein spredt geografi, og kunnskapen blant innbyggjarane om kva som finnast her er liten. Derfor er det viktig å vise fram kva vi har på eit slikt seminar, og spesielt gjennom gründerprisen, seier Staveteig.

-Og så er det viktig å påpeike at dette går på tvers av ulike bransjar og det trur eg er positivt både for deltakarane og for føredragshaldarane, seier Helle.