Arvid Andenæs sluttar som banksjef

Arvid Andenæs sluttar 1. april neste år som administrerande banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane. Etter 15 år i sjefsstolen synest Andenæs det er på tide å sleppe nye krefter til.  Ei av dei mest spennande og viktigaste leiarstillingane i fylket er dermed ledig.  Styret vil bruke hausten på å finne den nye leiaren for banken, som i Andenæs si tid har hatt ei svært positiv utvikling og vakse frå 9 til 45 milliardar i forvaltningskapital.

_ARU4843–Styret og eg har i lang tid vore samde om at 15 år i ein så krevjande jobb er nok. Ein kvar organisasjon treng fornying i alle delar av organisasjonen.  Som toppleiar er det viktig å innsjå at også den posisjonen er omfatta av dette, uttalar Andenæs som ikkje dermed har tenkt å gi seg i arbeidslivet.

–Eg håpar sjølvsagt at nokon ser bruk i meg.  Eg trur at kunnskapen min frå mange roller i norsk finansnæring og mi breie kontaktflate kan kome til nytte i mange år endå.  Men fyrst av alt skal eg fullføre jobben min i banken og vil konsentrere meg om det til ny person er på plass.

Styreleiar Hallgeir Kleppe seier at det blir ein krevjande jobb å finne ny administrerande banksjef.

–Den aller viktigaste jobben eit styre gjer, er å finne den rette leiaren.  Difor blir dette ein krevjande og spennande prosess.  Andenæs er ein synleg og kunnskapsrik leiar med eit brennande engasjement for banken og fylket. I tillegg er finans er ein svært krevjande bransje og krava til ein ny leiar vil avspegle våre ambisjonar om å utvikle banken vidare som ein sjølvstendig sparebank med hovudkontor i fylket, seier Kleppe og trur tilsettingsprosessen skal vere i mål i god tid før jul.